I Gol kommune får alle nybakte foreldre tilbod om førebyggande parterapi når babyen er 2 månader
Emilie og Kristoffer angrar ikkje på at dei takka ja til tilbodet dei fekk etter at vesle Casper kom til verda.
Saka oppsummert
• Gol kommune innkallar alle nybakte foreldre til førebyggande parterapi for å styrke samlivet og familien. • Tilbodet er eit samarbeid mellom helsestasjon og familievernkontor. • Sjølv om enkelte er skeptiske i starten, opplever mange foreldrepar tilbodet som nyttig.
• Oppfølgingssamtaler når barnet er eitt år, er planlagt som ein del av prosjektet
• Barne- og familieministeren seier andre kommunar gjerne må la seg inspirere av det dei gjer i Gol.
.• Regjeringa lovar pengar til «foreldrestøttande tiltak» i kommunar, med midlar frå ei ny tilskotsordning.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK-journalistar før publisering.
– Alt var nytt. Det har vore tøft.
Emilie Larsen Bjørnstad (27) skildrar dei første månadene etter at Casper (7 md.) vart fødd.
– Du skal lære ein annan person å kjenne. Du må lære å fungere i forholdet ditt att, og du må lære å kjenne deg sjølv på ny.
Sambuar Kristoffer Isumhaugen Engvik nikkar.
– Det har vore ei frykteleg bratt læringskurve, ja. Du lever eit fritt liv, og plutseleg er du på veg heim med ein liten ein i baksetet.
Dei unge foreldra angrar ikkje at dei takka ja til ein time parterapi, då Casper var to månader.
– Om me ikkje ville, så kunne me takke nei. Men så tenkte me, kvifor ikkje ta imot dei tilboda me får?
Fokus på heile familien
Absolutt alle par i Gol kommune som får barn, blir no tildelt ein time førebyggande parterapi gjennom helsestasjonen.
Helsesjukepleiar Runa Lyngvi i Gol kommune.
Helsesjukepleiar Runa Lyngvi hadde ideen, og meiner ordninga er ein heilt unik måte å ruste nybakte foreldre på.
– Alle har med seg ulike ting i ryggsekken frå sitt eige liv. Foreldre er kanskje ikkje så bevisste på korleis dette kan påverke den nye kvardagen.
Kollega Hanne Mari Brenno Grubben forklarar at helsestasjonane no har mykje større fokus på heile familien, enn det som var vanleg før.
– Vårt utgangspunkt er at me ønskjer det beste for barna, slik at dei skal få så robuste heimar som mogleg. Me vil at foreldra skal forstå at korleis dei har det, betyr mykje både for kvart enkelt barn og heile familien.
Det blir store omveltingar i livet når storken kjem på besøk. Det veit helsesjukepleiarane Runa Lyngvi og Hanne Mari Brenno Grubben.
Helsesjukepleiarane håpar dette kan gjera det lettare for foreldra å ta tak i problema sine.
Full pakke
– Nesten alle ler når eg fortel at det er ganske vanleg i eit parforhold å tru at den andre er tankelesar, og veit korleis ein har det. Dei kjenner seg att, smiler familieterapeut Ingeborg Fosvold Slåtten.
Praten går. Denne kroken på helsestasjonen blir også brukt til timane med parterapi.
Det er alltid både ein familieterapeut og ein helsesjukepleiar til stades under samtalene. Med kvar sin faglege ståstad, utfyller dei kvarandre, og slik får foreldra «full pakke».
Aller først blir paret invitert til å komma med ting dei sjølve har tenkt på.
– Deretter spør eg. Og eg spør dei om ALT. Det brukar å gå greitt, seier Slåtten.
Ingeborg Fosvold Slåtten er familieterapeut ved Familievernkontoret Ringerike-Hallingdal.
Slike spørsmål stiller familieterapeuten:
- Korleis møttest de og kor lenge har de vore i lag?
- Kva har de felles og på kva måte er de ulike?
- Kva slags forventningar har de til kvarandre?
- Korleis opplever de å snakke saman?
- Er det noko frå eigen oppvekst som er viktig å ta med vidare i eige foreldreskap?
- Er det noko de ikkje ønskjer å ta med inn i foreldrerolla, men heller legge bak dykk?
- Kva slags erfaring har de med fysisk eller psykisk sjukdom?
- Har de opplevd nokon form for vald eller misbruk?
- Kva slags forhold har de til rus?
- Korleis har de det seksuelt?
- Korleis har de det med nærleik?
- Kva vil de legge vekt på i rolla som foreldre?
- Korleis er det å gå frå å vera kjærastar til å blir foreldre?
– Hensikta er at dei sjølve skal bli bevisste på korleis dei er og korleis dei vil vera. Dette gjeld både i forholdet sitt og i foreldrerolla, seier Ingeborg Fosvold Slåtten
Sjå til Gol
Barne- og familieminister Lene Vågslid seier at andre kommunar gjerne må la seg inspirere av korleis golingane jobbar.
– Familielivet kan by på utfordringar, og tilbodet i Gol kommune framstår som eit godt tiltak for å møte dette.
Barne- og familieminister Lene Vågslid seier regjeringa vil sørge for at familiar får hjelp tidleg - før utfordringar veks ut av kontroll og blir til problem for barnet
Statsråden fortel at regjeringa etablerer ei tilskotsordning på 520 millionar kroner til kommunane i 2026.
– Pengane skal gå til førebyggande tiltak for barn og unge, og kan for eksempel brukast på foreldrestøttande tiltak, som det dei har i Gol, seier Vågslid.
Tause fedrar
– Eg var skeptisk. Veldig skeptisk, eigentleg.
Jonas Runningen (31) fortel korleis han reagerte på å få innkalling til ein time ved familievernkontoret etter at sonen Varg (8 md.) vart fødd. Frå før har dei dottera Luna (4).
Jonas Runningen er pappa til to.
– Eg veit ikkje, men det kjendest litt som eit angrep. Parterapi, det er jo litt tabu. Men eg tolka det feil og forstod ikkje først at det var eit førebyggande tilbod som alle fekk.
Sambuar Jeanette Skarde Brataker (30) var ikkje like bekymra. Ho er førskulelærar og har ofte vore i kontakt med familievernkontoret gjennom jobben sin som pedagogisk leiar i ein barnehage.
Jeanette Skarde Brataker er tobarnsmor på Gol.
– Det er jo eigentleg litt spennande å bli betre kjent med kvarandre ved hjelp av ein tredjepart.
I ettertid er Jonas også einig i det.
– Det å høyre forventningane frå begge sider, gjorde at det var veldig bra for meg å ta den samtala. Å ta ein fot i bakken og få ein indikasjon på at ting går i rett retning.
Familieterapeut Ingeborg Fosvold Slåtten er oppteken av at samtalene må ha likevekt mellom mor og far. Graviditet, fødsel og amming gjer at ofte blir mykje fokus på mor.
– Eg må jobbe litt med å hente fram stemma til fedrane. Dei snakkar ikkje alltid så mykje av seg sjølv.
Slåtten blir veldig glad når ein pappa, som har grua seg til terapitimen, etterpå fortel at han opplevde det som nyttig.
Håpar ordninga held fram
Tal frå Bufdir viser at Familieverntenesta handterer om lag 50.000 saker og 150.000 samtaler kvart år. Hovudsakleg er det snakk om behandling, men også ein stor del meklingssaker.
I ein fersk rapport frå FHI kjem det fram at brukarane i stor grad opplever hjelpa dei får frå familieverntenesta som nyttig.
Samarbeidsprosjektet «Førebyggande parterapi» vart starta opp på Gol 1. januar 2025. Ingeborg Fosvold Slåtten er spent på evalueringa av prosjektet og håpar den kan bringe fram tal som viser korleis tilbodet slår an.
– Det er vanskeleg å måle resultat av førebygging, men mi oppleving som familieterapeut, er at det er nyttig, seier Slåtten.
I 2026 vil det også bli oppfølgingssamtaler når barnet er eitt år. Familieterapeuten håpar inderleg at dette skal bli ei varig ordning.
–Jo, det kostar litt ressursar, men eg trur det vil betale seg på sikt.