Herold

Isnedfall, glatte parti og stengd fjellovergang

Plus
Kilde: Firda Author: Ina Christin LĂžvseth Published: 2025-11-28 06:22:36
Isnedfall, glatte parti og stengd fjellovergang

VĂȘromslag, regn og vind har gitt litt utfordrande forhold langs vegane vĂ„re fredag morgon.

– Vi har fĂ„tt meldingar om ein del isnedfall som har hamna i vegen enkelte stader. I tillegg er det lokalt glatte forhold fleire stader, opplyser trafikkoperatĂžr Leif Helge Fjellro ved Vegtrafikksentralen Vest.

Blant anna skal det ha kome ned store isklumpar i vegbana i VÄtedalen. Desse blei fjerna etter kort tid.

Mellom Gaupne og Hafslo er det ogsÄ meldt om svÊrt glatte forhold, som fÞlge av at regnet har skylt vekk vegsaltet.

– No er entreprenĂžr pĂ„ veg for Ă„ strĂž med sand. Men folk mĂ„ vere obs pĂ„ at det kan vere lokalt glatte forhold utsette stader i dag.

VÄt helg i vente: Fare for flaum

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er ogsĂ„ stengd pĂ„ grunn av uvĂȘr. Ny vurdering er laurdag klokka 12:00. PĂ„ ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella er anlĂžp Losna kansellert inntil vidare grunna vĂȘret.

Det er venta ein del nedbĂžr gjennom helga, og NVE har sendt ut gult farevarsel for flaum. Fjellro oppmodar trafikantar til Ă„ ta det roleg.

– Med vĂȘret som er no, sĂ„ kan det oppstĂ„ ein del utfordringar. SĂ„ det er viktig Ă„ kĂžyre etter forholda, ver merksam pĂ„ at det kan vere glatt, og at det kan vere ei hindring rundt neste sving.

FrĂ„ blĂ„tt til raudt – slik blir dagane framover