Statens vegvesen vurderer auka bruk av 70-soner
Statens vegvesen føreslår fleire 70-soner på landevegar. Det liker ikkje NAF.
Saka oppsummert
- Statens vegvesen føreslår å senke fartsgrensa frå 80 til 70 km/t på trafikkerte og risikofylte landevegar for å redusere ulykker.
- Forslaget er ein del av den nye tiltaksplanen for trafikksikkerheit 2026-2029, som skal ferdigstillast innan mars 2026.
- Vegvesenet meiner at lågare fartsgrenser kan vere nødvendig på vegar med låg standard og høg ulykkesrisiko.
- NAF føreslår meir politi, fartskamera og strekningsmålingar som betre tiltak for å auke trafikksikkerheita.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Dette er heilt feil tiltak*,*seier Stig Skjøstad, administrerande direktør i NAF (Noregs Automobil Forbund).
Vegvesenet føreslår å sette ned fartsgrensa frå 80 til 70 kilometer i timen på landevegar med mykje trafikk og høg risiko for ulykker.
Guro Ranes i Statens vegvesen prioriterer tryggleik, men ønsker samstundes at folk skal kome seg raskt fram.
– Å redusere fartsgrensa til 70 kilometer i timen vil føre til færre ulykker. Dei ulykkene som skjer vil og vere mindre alvorlege, meiner Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.
Ranes legg til at fart er ein medverkande faktor i ein av tre dødsulykker.
Derfor ønsker Statens vegvesen å gå gjennom kriteria dei bruker på vegar som ikkje er sikre med 80 kilometer i timen.
Dei nye kriteria skal gi auka bruk av 70 som fartsgrense.
Vegvesenet arbeider for nullvisjonen. Dette er ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken.
Vegvesenet grunngjev forslaget med at vegane i Noreg har ulik standard.
– Me må finne vegane kor 80 kilometer i timen ikkje er sikkert. Desse vegane kan få fartsgrensa senka til 70, seier avdelingsdirektøren.
– Overformynderi
NAF meiner tiltaket vil ramme skeivt.
Kort om fartsgrenser
Kva er dei generelle fartsgrensene?
- I byar og tettbygde strøk: 50 kilometer i timen.
- Utanfor tettbygde strøk: 80 kilometer i timen. Desse gjeld der det ikkje er sett opp skilt med andre fartsgrenser.
- Desse gjeld der det ikkje er sett opp skilt med andre fartsgrenser.
Korleis blir fartsgrensene fastsette?
- Statens vegvesen lager kriteria for når dei ulike fartsgrensene skal bli brukte.
- Bak desse ligg det faglege vurderingar, basert på kunnskap om samanhengen mellom fart, risiko og ulykker.
- Sjølv små fartsaukingar gir stort utslag på talet drepne og hardt skadde i trafikken. Mange liv hadde blitt spart i trafikken om alle alltid heldt fartsgrensa.
- Kommunen bestemmer fartsgrensene på kommunale vegar.
- Statens vegvesen bestemmer fartsgrensa på fylkesvegar og riksvegar.
- Statens vegvesen Vegdirektoratet bestemmer bruk av dei høgaste fartsgrensene (90-100-110 km/t) på alle typar vegar.
Kjelde: Statens vegvesen
– Dødsulykkene langs norske vegar kjem av råkøyring. Derfor treng me meir nærverande politi, i tillegg til fleire fysiske fartskontrollar, fartskamera og strekningsmålingar, seier Skjøstad i NAF.
Skjøstad opplever forslaget om lågare fartsgrenser som overformynderi.
NAF-direktøren seier å redusere fartsgrensa ikkje vil ta råkøyrarar.
– Me skal flytte oss frå A til B på vegane me har i landet. Å senke farten på denne måten kjennast som eit unødvendig inngrep, legg han til.
NAF-direktøren meiner at tiltaket kjem til å redusere respekten for fartsgrenser.
– Dette er ikkje eit målretta tiltak, seier Skjøstad.
Mars 2026
Senkinga av fartsgrenser på landevegar er eit av forslaga som kjem fram i den ferske tiltaksplanen for trafikksikkerheit 2026 til 2029.
Planen har nyleg vore på høyring, og skal sikre betre trafikksikkerheit langs vegane, som Statens vegvesen har ansvar for.
Den endelege versjonen av tiltaksplanen vil kome innan 1. mars 2026.
70 i Sverige
Forslaget om å senke fartsgrensene har vore diskutert tidlegare.
Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) anbefalte allerie i 2018 å redusere fartsgrensa frå 80 til 70 på vegar med høg ulykkesrisiko.
Hausten 2025 vedtok Akershus fylkeskommune og Statens vegvesen å sette ned fartsgrensa frå 80 til 70 på fylkesveg 170 mellom Mork og Bjørkelangen, skreiv Indre Akershus Blad.
Sverige har allereie innført fartsgrense på 70 kilometer i timen på tofelts landevegar utan midtdelar.