Herold

ATV-ulykke på Holsnøy

Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-01-17 14:32:31
ATV-ulykke på Holsnøy

Ein ATV med to personar skal ha velta på Holsnøy.

Klokka 15:28 laurdag ettermiddag melde politiet om ei ATV-ulykke i terrenget på Holsnøy.

– Køyretøyet har stått på eit busstopp på hovudvegen, og har av ein eller annan grunn skote fart bakover og hamna utfor kanten og velta ned i terrenget, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NH klokka 16:27.

Det var to personar på ATV-en då ulykka skjedde.

Sjåføren verka uskadd, men passasjeren hadde kuttskadar og blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, forklarar Rebnord til NH.

– Vi har akkurat avslutta på staden no. Hendinga er vurdert som eit uhell og det er ikkje oppretta sak eller planlagt vidare oppfølging frå politiet, seier han.

I ei oppdatering frå politiet i Nordhordland måndag 19. desember, fortel politioverbetjent Kurt Inge Hordvik at det verka som at årsaka til ulykka var at føraren hadde kome borti gassen ved eit uhell, og difor rygga ut i terrenget.

🏷️ Extracted Entities (5)

Holsnøy (place) Ein ATV (organization) Bjarte Rebnord (person) Kurt Inge Hordvik (person) Nordhordland (place)