Herold

Desse gav frå seg Nobelprisen sin

Kilde: NRK Author: Regine Engelina Hatvik Published: 2026-01-16 19:19:03
Nobel-medaljar på avvegar

Årets fredsprisvinnar gav fredsprismedaljen til Trump, men ho er ikkje aleine om å gi frå utmerkinga.

Saka oppsummert:

  • María Corina Machado gav fredsprismedaljen sin til Donald Trump – noko som har skapt sterke reaksjonar
  • Machado er ikkje aleine om å gi bort Nobel-medaljen sin
  • Dmitrij Muratov auksjonerte bort sin Nobel-medalje for å hjelpe ukrainske flyktningar
  • Nokon fredsprismedaljar har forsvunne. Aristide Briand sin medalje blei stolen etter å ha blitt seld til eit fransk museum.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

María Corina Machado har skapt sterke reaksjonar etter at ho torsdag gav fredsprismedaljen sin til USA sin president Donald Trump.

– María overrekte meg Nobels fredspris for arbeidet eg har gjort. Ein så fantastisk gest av gjensidig respekt. Takk, María, skriv Trump på Truth Social.

Sjølv om Machado si handling vekker oppsikt, er ho ikkje den første nobelprisvinnaren som har gitt bort medaljen sin.

I denne saka kan du lese om:

Auksjonerte bort Nobel-medaljen

For fem år sidan mottok journalistane Dmitrij Muratov og Maria Ressa Nobels fredspris for sitt arbeid med ytringsfridom.

Dmitrij Muratov var redaktør for den russiske avisa Novaja Gazeta.

Avisa skulle vere ei motvekt til regjeringskontrollerte medium i Russland.

Dmitrij Muratov auksjonerte bort Nobel-medaljen han mottok i 2021.

Ved hjelp av Mikhail Gorbatsjov sine prispengar frå då han fekk Nobels fredspris i 1990, blei avisa ein realitet.

Novaja Gazeta og Muratov tok eit utradisjonelt val då det blei klart at han skulle auksjonere bort Nobel-medaljen sin.

Auksjonen gav ei inntening på 100 millionar dollar, skriv Nobels Fredssenter.

Pengane frå salet gjekk til å hjelpa flyktningar i Ukraina. Han øyremerka pengane til såra og sjuke flykningsborn.

Det er også fleire Nobel-vinnarar som har gitt vekk pengane som følger med utmerkinga.

Nokon av dei er:

  • Barack Obama gav pengane til ti velgjerande organisasjonar
  • Marie Curie brukte store delar av pengane til vidare forsking
  • Albert Einstein gav pengane til si første kone Mileva Marić og deira born som del av ein skilsmisseavtale

USA sin tidlegare president Barack Obama mottok Nobels fredspris i 2009.

Nobel-medaljane som blei borte

Det er også medaljar som har forsvunne frå eigaren sin.

I 1926 mottok den franske politikaren Aristide Briand Nobels fredspris saman med tyskaren Gustav Stresemann.

Dei fekk prisen for sitt arbeid med å forsone Frankrike og Tyskland etter første verdskrig.

Aristide Briand sin Nobel-medalje blei stolen frå eit fransk museum.

I 2008 blei Briand sin medalje selt til eit fransk museum.

Nokon år seinare blei medaljen stolen.

Medaljen har aldri komme til rette.

Ettertrakta samleobjekt

Nobel-medaljane er populære blant samlarar.

– Den ligg høgst på skalaen for dei som samlar slike berømte medaljar, seier styreleiar Ole Bjørn Fausa i Det Norske Myntverket.

Medaljane til nobelprisvinnarane er verd meir enn OL-gullmedaljen, ifølgje Fausa.

Det Norske Myntverket har i over 100 år produsert medaljane til Nobels fredspris.

Fredsprismedaljen blir produsert i Noreg og er i 18 karat gull.

Nobel-medalje til Joseph Goebbels

Forfattar Knut Hamsun vekte også merksemd då han i 1943 gav sin Nobel-medalje til Nazi-Tyskland sin propagandaminister Joseph Goebbels.

Hamsun mottok Nobelprisen i litteratur i 1920 for «Markens grøde».

I 1943 blei Knut Hamsun tatt i mot av Josef Terboven på Fornebu flyplass etter eit besøk hos Adolf Hitler.

Nordmannen støtta nazistane aktivt – noko som blei tydeleg då han overrekte Goebbels Nobel-medaljen sin.

Etter krigen forsvann medaljen, og til den dag i dag veit ingen kor utmerkinga er.

I 2020 byrja jakta på den bortkomne prisen.

– Prisen tilhøyrer folket på Cuba

Også Ernest Miller Hemingway gav frå seg sin Nobelpris i litteratur.

Den amerikanske forfattaren fekk prisen i 1954 for «Den gamle mannen og havet».

Den verdskjente forfattaren utfordra lesarane til å måtte lese mellom linjene.

Hemingway var kjent for å skrive om setningane sine igjen og igjen før han syntest dei sat perfekt.

Forfattaren budde 20 år på Cuba for å skrive og drive med havfiske.

Hemingway donerte medaljen og diplomet til det kubanske folk, og gav ansvaret til den katolske kyrkja i El Combre.

– Denne prisen tilhøyrer folket på Cuba fordi verka mine blei til på Cuba, i landsbyen min Cojímar der eg er borgar, skal Hemingway ha sagt, skriv ABC News.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin nyaste podkast-episode:

🏷️ Extracted Entities (45)

Aristide Briand Nobels (person) Dmitrij Muratov (person) Goebbels Nobel-medaljen (organization) Cuba (entity) Donald Trump (person) Knut Hamsun gav Nobel-medaljen til Joseph Goebbel (organization) María Corina Machado (person) Joseph Goebbels (person) Nobel-medalje (entity) Nyheter om Nobel-prisene 📁 (category) Urix 📁 (category) ABC News (organization) Briand (entity) Det Norske Myntverket (person) Ernest Miller Hemingway (person) Nobels Fredssenter (person) Novaja Gazeta (person) Ole Bjørn Fausa (person) Truth Social (person) Adolf Hitler (person) Barack Obama (person) Cojímar (entity) El Combre (person) Ernest Hemingway (person) Fornebu (entity) Frankrike (entity) Gustav Stresemann (person) Høyr Urix (person) Josef Terboven (person) KI-teneste (entity) Maria Ressa Nobels (person) Markens grøde (entity) Mikhail Gorbatsjov (person) Mileva Marić (person) Nazi-Tyskland (place) Nobel-vinnarar (entity) Nobelpris (entity) Nobelprisen (entity) Noreg (entity) OL-gullmedaljen (entity) OpenAI. Innhaldet (organization) Russland (place) Tyskland (place) USA (entity) Ukraina (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Nyheter om Nobel-prisene
OpenGraph Title: Desse gav frå seg Nobelprisen sin
Twitter Title: Desse gav frå seg Nobelprisen sin