Herold

Støre om tolltruslar frå Trump:­– Uakseptabelt

Kilde: NRK Author: Malene Laura Solheim Published: 2026-01-18 08:11:01 Last updated: 2026-01-19 09:25:07
Støre om tolltruslar frå Trump:­– Uakseptabelt

Donald Trump vil gi Nato-land ekstra toll for å skaffe seg Grønland. – Høyrer ikkje heime blant allierte, meiner Støre.

Saka oppsummert

  • Donald Trump trugar med å innføre 10 % toll på varer frå Nato-land som Noreg, med mogleg auke til 25 %, for å presse fram ein avtale om å kjøpe Grønland.
  • Norske ministrar har kalla truslane «uakseptable» og understreka at slike tiltak ikkje høyrer heime blant allierte.
  • Norsk næringsliv, spesielt fiskerinæringa, er uroa for konsekvensane av auka toll på eksport til USA.
  • Noreg må sjå til nye marknadar om tollen frå USA blir ein realitet.
  • EU og europeiske leiarar har sterkt kritisert Trump sine utspel.
  • Ekspertar meiner tollpolitikken kan skade både det transatlantiske forholdet og Trumps popularitet i USA.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Eg vil understreke at det er brei semje i Nato, 32 land og også med USA, om å auke trygginga i Arktis, inkludert Grønland, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

På ein pressekonferanse søndag ettermiddag sa statsministeren at truslane om toll frå Trump er«uakseptabelt» og at Noreg støttar kongeriket Danmark.

President Donald Trump skreiv laurdag at han ville innføre ein tollsats på 10 prosent på varer frå Noreg og andre Nato-land som har sendt soldatar og militært utstyr til Grønland.

Donald Trump la laurdag ut meldingar om ekstra toll på varer frå Nato-land som støttar Danmark på Grønland.

Trump hevdar tollsatsen skal auke til 25 prosent frå 1. juni, og skal gjelde til USA har fått ein avtale om å kjøpe Grønland.

Etter at trusselen om toll kom i går, hadde Støre kontakt med partar i nærings- og arbeidslivet.

– Vi forstår at denne meldinga om auka toll på eksport i USA, som enno ikkje har tredd i kraft, skaper usikkerheit.

Høyr pressekonferansen med Jonas Gahr Støre her.

Støre sa ikkje at han meiner Noreg skal svare på ein eventuell toll med toll.

Ser til andre marknadar

Tidlegare i dag brukte næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) ein liknande ordlyd:

– Truslar er ikkje akseptabelt. Det høyrer på ingen måte heime blant allierte, sa ho til NRK.

I fjor sommar la USA 15 prosent toll på norske varer. Det er for tidleg å vite korleis 10 prosent ekstra straffetoll frå USA vil påverke norsk næringsliv, peikar Myrseth på.

Likevel er arbeidet allereie begynt med å sjå til alternative handelspartnarar når USA gjer som dei gjer.

– Vi har signert ein avtale med India fordi vi er nøydde til å halde fram arbeidet med å bidra til at vi har marknadar der ein kan levere.

Meiner det er alvor no

Blant næringane som vil kunne bli ramma av ytterlegare toll, er fiskerinæringa. USA er ein viktig marknad for norsk fisk. No begynner det å bli alvor, seier administrerande direktør i fiskerikonsernet Nergård, Tommy Torvanger.

– Det er alvor no, altså. Det er det som er min reaksjon. Ein kan ikkje berre halde på med handelsavtalar. Spelet er blitt større og regelboka er kasta ut vindauget.

Næringslivsleiar Tommy Torvanger

Han seier ekstra toll vil føre til at det blir vanskelegare for dei å få selt varene i den amerikanske marknaden.

– Det betyr redusert verdi av dei varene vi har. Det kan vere store konsekvensar. Vi må ut og leite etter andre marknadar der vi kan selje desse varene.

Tommy Torvanger er administrerande direktør i Nergård-gruppa som blant anna eksporterer sjømat til USA.

Men han trur ikkje at det blir aktuelt å droppe den amerikanske marknaden heilt.

– Det ser eg ikkje føre meg at vi gjer. Noreg og USA er to land som har hatt veldig tett samarbeid og dialog i fleire tiår. Så at det skal skjere seg slik, håper eg ikkje skjer.

Skaper uvisse

Trusselen om toll har skapt skarpe reaksjonar. Både statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide var ute laurdag kveld og avviste utspelet, og kalla det uakseptabelt.

Administrerande direktør i Norsk Industri, Harald Solberg, kallar framgangsmåten til Trump for «tolltrusseldiplomati».

– Dette understrekar at vi også i 2026 må forhalde oss til stor usikkerheit og raske endringar.

Solberg seier det er tydeleg at Trump vil bruke alle verktøya han har for å få det som han sjølv vil ha.

– Denne nyheita bidreg heilt klart til å auke både frustrasjonen og usikkerheita, seier han.

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i SB1 Markets meiner utspelet er fullstendig utanfor, og at dette er ein politikk som kan slå tilbake på Trump og populariteten hans i USA.

– Tolltullet til Trump rammar amerikanske forbrukarar. Difor har prisane auka i USA, seier han.

Meiner Europa må svare

EU-president Ursula von der Leyen seier i ei fråsegn at toll vil undergrave det transatlantiske forholdet.

– Vi risikerer ein farleg nedgåande spiral, seier ho om trusselen frå Trump.

Tidlegare toppdiplomat og no rådgjevar i Kruse Larsen, Kåre Aas, meiner Europa må svare, og seier det er bra at mange europeiske leiarar allereie har vore ute og sagt at dette ikkje er akseptabelt.

– Det er eit viktig signal til Trump-administrasjonen, men i aller høgaste grad også til amerikansk næringsliv og amerikanske politikarar.

Tidlegare ambassadør til USA og Israel snakkar om Trumps nye tollsatsar

Det er likevel ikkje nok, meiner Aas.

– Ein må gå eitt steg vidare. Då må ein sjå på om ein skal komma med tilsvarande tiltak overfor amerikansk næringsliv, som eksporterer til dømes til Europa, seier Aas, men peikar på at Trump i så fall vil svara på dette.

🏷️ Extracted Entities (34)

Donald Trump (person) Grønland (place) Nato (place) USA (entity) Jonas Gahr Støre (person) Noreg (entity) Donald Trump 📁 (category) Handelskrig 📁 (category) Kåre Aas (person) Meiner Europa (person) Norge 📁 (category) Næringsliv 📁 (category) Tommy Torvanger (person) Trump:­– Uakseptabelt (organization) Danmark (place) Nergård (entity) Arktis (entity) Cecilie Myrseth Ap (person) Espen Barth Eide (person) Harald Solberg (person) India (entity) Israel (entity) Jonas Gahr Støre.** (person) KI-teneste (entity) Kruse Larsen (person) Leyen (entity) Myrseth (entity) NRK. I (organization) Norsk Industri (organization) OpenAI. Innhaldet (organization) SB1 Markets (organization) Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen (person) USA. Men (organization) Ursula (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Næringsliv, Handelskrig, Donald Trump
OpenGraph Title: Reagerer på Donald Trumps Grønland-toll
Twitter Title: Reagerer på Donald Trumps Grønland-toll