Herold

Kaldare vêr i heile Noreg – gode sjansar for å sjå nordlys i Nord-Noreg

Kilde: NRK Author: Maria Gunnarsdotter Svedal Published: 2026-01-19 16:03:57 Last updated: 2026-01-19 16:06:08
No blir det kaldare i heile landet – gode nordlyssjansar i nord

Vintertemperaturen kjem tilbake i heile Noreg dei neste dagane. I Nord-Noreg er det sjansar for himmelshow.

Heile landet fekk ein kald start på 2026.

Men så blei minusgradene avløyst av skiftande mildvêr. Snøkaos, frost og hålke blei til regn, vind og søledammar i Sør-Noreg.

No varslar meteorologane ei ny endring.

– Dei fleste, omtrent alle, vil få det kaldare framover enn kva dei har hatt. Det går mot ein litt kaldare vêrtype, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Det blir truleg ikkje like kaldt som dei første nyttårsdagane, men likevel vil januar avsluttast med ein kulde som vil merkast godt frå nord til sør.

Nordlys over Kolltveit i Øygarden i 2025.

Klårvêr sikrar nordlyset

For dei som bur i Nord-Noreg, fører kulda med seg klårvêr.

Det gir gode moglegheiter for å sjå nordlys.

Men Løvdahl presiserer at aktiviteten på sola ikkje er spesielt høg. Han peikar på at det jamt og trutt er nordlys i Nord-Noreg.

– Det er ikkje unormalt høg aktivitet, så det viktigaste er at det er klårvêr.

– Det er skyene som avgjer dette her. Så lenge det er lite skyer, er det ein god sjanse for å sjå det.

Natt til måndag dansa nordlys over himmelen. Også natt til tysdag er det lite skyer og gode moglegheiter for himmelshow, melder Meteorologane på X.

Slik blir vêret i din landsdel

Sjølv om heile landet får det kaldare, er det Vestlandet og Nord-Noreg som får dei finaste dagane, med kaldt og klårt vêr.

– Dei som særleg vil merka det framover trur eg er indre strøk av Vestlandet og til dels i nord. Når det blir lite skyer så kan det brått bli ganske kaldt, seier Løvdahl.

Han peikar på at det også er meldt lite vind.

Men for Sørlandet og Rogaland vil det bli luftigare.

Is på fjorden i Samnanger.

Det kan bli både stiv og sterk kuling på utsette stader på kysten og i fjellet på Sørlandet.

– På rogalandssida får dei frålandsvind, så då merkar ein det mindre.

Vinden tek seg opp frå midten av veka. I tillegg kan Sørlandet få ein del nedbør.

– Viss du får litt sludd og snø saman med den ganske kraftige vinden, så merkar du det.

Han viser til at det er vanskeleg å seia kor mykje som kjem.

– Men når det bles såpass mykje, så kan det nok verka som det er meir enn det faktisk er. Det gjer meir ut av seg, seier Løvdahl.

På Austlandet blir det i hovudsak grått og overskya. Også der er det varsla at det kan koma litt nedbør.

– Men det er helst Sørlandet som får det.

Grønt nordlys dansa over Engavågen i Meløy.

To veker med kulde, men så ...

Dersom du ikkje er glad i vinter og frost, har meteorologen godt nytt. Han ser nemleg teikn til mildvêr i langtidsvarselet.

– Det er ut som det skal vera kaldt denne veka og også i neste veke, men så er det signal om at kulda skal dempa seg litt, seier Løvdahl.

Medan det kjølige vêret kjem av sørgåande lågtrykk, bil det truleg gå over til nordgåande etter kvart.

– Sakte, men sikkert vil det bli mildare, iallfall i Sør-Noreg.

Bø i Vesterålen.

🏷️ Extracted Entities (18)

Løvdahl (entity) Nord-Noreg (entity) Nordlys 📁 (category) Siste saker om været i Norge 📁 (category) Sørlandet (entity) Værmelding 📁 (category) Sør-Noreg (entity) Vestlandet (entity) Austlandet (entity) Engavågen (entity) Kolltveit (entity) Meløy (place) Meteorologane (entity) Noreg (entity) Rogaland (place) Samnanger (entity) Vesterålen (entity) Øygarden (entity)

📊 Metadata

Category: Siste saker om været i Norge, Værmelding, Nordlys
OpenGraph Title: Kaldare vêr i heile Noreg – gode sjansar for å sjå nordlys i Nord-Noreg
Twitter Title: Kaldare vêr i heile Noreg – gode sjansar for å sjå nordlys i Nord-Noreg