Flytrafikken i Noreg 2025: Tilbake til nivået før pandemien
Seks år etter at trafikken kollapsa under pandemien, er talet på reisande tilbake til «normalen». Det er godt nytt for den norske flyplasseigaren.
Saka oppsummert:
– Talet på reisande i norske lufthamner var 53 millionar i 2025, nesten tilbake på nivået frå før pandemien. – Avinor har stabilisert økonomien etter fleire år med passasjersvikt og økonomiske utfordringar. – Selskapet møter framleis risikoar som taxfree-endringar, krav om ny teknologi, høge drivstoffprisar og færre forretningsreiser. – Regjeringa understrekar at Avinor framleis er i ein krevjande økonomisk situasjon. – Flytrafikken spelar ei avgjerande rolle for samferdsel i eit land med store avstandar og krevjande topografi.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
I alt var 53 millionar reisande innom dei norske lufthamnene i løpet av 2025.
Det er meir enn selskapet venta, og nesten på nivå med trafikken før pandemien.
Dei nye tala inneber at den norske flyplasseigaren Avinor er friskmeld etter fleire år med passasjersvikt og «anstrengd» økonomi.
Ifølge E24 var selskapet berre dagar unna «finansiell kollaps» då regjeringa stilte opp med 200 millionar kroner i «nødhjelp» på tampen av 2023.
Eit par år seinare er altså den mest akutte pengeknipa over.
Ved Førde lufthamn var det totalt 82.922 passasjerar i 2025. Det er 10 prosent fleire enn året i førevegen, og på same nivå som før pandemien (83.306 reisande i 2019).
Avinor: – Økonomien er i god balanse
– Passasjertala aukar år for år, og er nesten tilbake på 2019-nivå. I tillegg gjennomfører vi eigne kostnadskutt. Vi meiner derfor det er rett å seie at økonomien er i god balanse, seier Avinor-direktør John-Ragnar Aarset.
– Den finansielle situasjonen var i kraftig ubalanse etter pandemien. I dag er situasjonen ein annan, seier Avinor-direktør John-Ragnar Aarset.
Aarset presiserer likevel at det er «mange risikofaktorar som kan true biletet på lengre sikt».
Eksempel er:
- Taxfree-ordninga. Tobakkskvoten er halvert sidan 2023. Vidare er det ein tendens til at yngre reisande handlar mindre alkohol enn eldre generasjonar.
- Ny teknologi. Overgangen til elfly og hydrogenfly krev massive investeringar i ny infrastruktur.
- Flypassasjeravgifta. Auka statlege avgifter gjer billettane dyrare, noko som kan dempe etterspørselen.
- Drivstoffprisar. Høge oljeprisar eller krav om innblanding av berekraftig flydrivstoff (SAF) kan tvinge billettprisane opp, og etterspørselen ned.
- Færre forretningsreiser. Det er framleis teikn til at pandemien har forsterka den digitale møtekulturen og redusert talet på forretningsreisande.
Regjeringa: – Framleis ein krevjande situasjon
Talet på flyplassar er i norsk politikk eit mål på kor godt landet heng saman, og derfor eit delikat spørsmål.
Då det regjeringsoppnemnde Quale-utvalet i 2020 tok til orde for å leggje ned flyplassar i distrikta, blei tilrådinga omgåande skote ned.
Det same skjedde då Avinor «synleggjorde» at færre flyplassar kan vere eit sparetiltak i 2023.
– Dersom vi skal vurdere endringar i lufthamnstrukturen, må dette inngå som del av langtidsplanlegginga for transportsektoren gjennom Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
– For eit land med lange avstandar og utfordrande topografi speler luftfarten ei avgjerande rolle i transportsystemet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
For å styrke flyrutetilbodet i distrikta innførte regjeringa halv pris på «full-flex»-billettar i 2024.
Den uttalte motivasjonen er distriktspolitisk, men prisgrepet kan også stimulere til trafikkvekst.
– Tala viser at vi nå nærmar oss nivået frå før pandemien, men at trafikken ikkje har henta seg heilt inn, seier Nygård.
– Det betyr at Avinor framleis vil vere i ein krevjande økonomisk situasjon framover, og at regjeringa vil følge opp dette i tett dialog med selskapet.
Han legg til:
– Dersom vi skal vurdere endringar i lufthamnstrukturen, må dette inngå som del av langtidsplanlegginga for transportsektoren gjennom Nasjonal transportplan.
Avinor: – I dag er situasjonen ein annan
John Ragnar Aarset, konserndirektør kommunikasjon og samfunnskontakt i Avinor
– Avinors finansielle situasjon var i kraftig ubalanse etter pandemien. For to år tilbake hadde selskapet eit årleg inntektsgap på 2 milliardar kroner. Hovudgrunnen til denne situasjonen var at trafikken var langt under nivået før pandemien. Det førte naturleg til både lågare avgiftsinntekter frå flytrafikken og lågare kommersielle inntekter, som følge av færre passasjerar. Samtidig blei det bestemt at Avinors avgifter overfor flyselskapa ikkje skulle regulerast i tråd med den store kostnadsveksten i samfunnet, ettersom flyselskapa var i ein svært krevjande situasjon etter pandemien. Vidare medførte reduserte taxfree-kvotar eit årleg inntektstap på om lag 400 millionar kroner.
– I dag er situasjonen ein annan. Samferdselsdepartementet har bestemt at Avinor kan auke avgiftene over ein treårsperiode, frå 2025-2027, samtidig som dei statlege avgiftene ovanfor flyselskapa er reduserte. Passasjertala aukar år for år, og er nesten tilbake på 2019-nivå. I tillegg gjennomfører Avinor eigne kostnadskutt.
– Vi meiner derfor det er rett å seie at Avinors økonomi nå er i god balanse. Samtidig jobbar vi i ein ekstremt konkurranseutsett sektor, med mange risikofaktorar som kan true bildet på lengre sikt. Trafikken kan bli lågare enn venta, og vi er særleg urolege for at Oslo lufthamn som knutepunkt, kan bli hengande etter i konkurranse med storflyplassane i andre land. Vi er også avhengige av å lykkast med å auke dei kommersielle inntektene, føre vidare eigne kostnadsreduksjonar og unngå å få nye, kostbare samfunnspålagde oppgåver utan avklart finansiering.