Den nye møteplassen har fått ein god start: – Veldig positivt
Plus
Planlegg fleire arrangement framover.
Kafé
I vår fekk Valedamene 120.000 kroner til innreiing av ungdomsloft frå Kvinnheradstiftinga. Mot slutten av august var Kvinnheringen innom då Njål Tvedt og Maria Solheim Thorsen jobba med å få klart det nye ungdomsloftet.
Etter mykje arbeid og oppgraderingar blei møteplassen på loftet på grendehuset i Valen etter kvart ferdig.
– Me starta i byrjinga av november og har hatt tre opningskveldar der. Det har vore veldig kjekt og me har hatt rundt 30 besøkande kvar gong. Det har vore bra oppmøte, seier Thorsen.
– Me ville skape ein trygg møteplass for og det har vore veldig positivt så langt. Det er alltid plass til fleire, legg ho til.
Thorsen fortel at dei har kjøpt inn ein del spel, aktivitetar og kjøkenutstyr. Dei skal arrangera litt juleverkstadar og fleire kjekke ting framover.
Fleire treng hjelp før jul: – Det er ein aksjon på godt og vondt
Søndag 30. november er ungdomsloftet ope igjen for store og små når det blir arrangert bygdekafé.
– Då kan ein komma å få kjøpa seg vaflar, ein kopp kaffi, eller berre sjå det fine loftet vårt, seier Thorsen.
Valedamene vil òg nytta høvet til å pynta bygda til jul ved å henga ut julelys.
– Me ønsker litt engasjement i bygda og vil skapa julestemning.
Alle inntektene denne dagen går tilbake til det nye ungdomsloftet.