Herold

Ope brev til politikarane i Kinn kommune – på vegner av alle barnehagebarn i Florø

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Kristin Sandvik Saunes, på vegner av FAU v/ barnehagene i Florø: Eikefjord barnehage, Nepjarhaugen barnehage,Torvmyrane barnehage, Krokane barnehage, Furuhaugane barnehage, Brandsøy barnehage, Sørstrand Maritime FUS barnehage, Havrenes barnehage og Storevatn barnehage Published: 2025-11-28 04:00:00
Ope brev til politikarane i Kinn kommune – på vegner av alle barnehagebarn i Florø

Kjære politikarar i Kinn:

*Vi i foreldreutvala ved barnehagane i Florø *ønskjer med dette å uttrykkje vår bekymring knytt til budsjettforslaget for barnehagsektoren. Forslaget om å redusere pedagogdekninga til 50 prosent, samtidig som det blir vurdert kutt i språkstøtte og ressursar for barn med særskilde behov, vil svekke kvaliteten på tilbodet barna våre får. Dette er ikkje berre ei økonomisk prioritering, men eit val som får direkte konsekvensar for barns utvikling og tidleg læring.

Kinn kommune har i fleire år løfta fram tidleg innsats som eit satsingsområde. Det støttar vi fullt ut. Nettopp derfor reagerer vi når tiltaka som blir foreslått, peikar i motsett retning. Tidleg innsats handlar om at kompetente vaksne er til stades i kvardagen, og at barna møter fagpersonar som har tid og kapasitet til å følgje opp. Dette er ikkje mogleg dersom bemanninga blir svekka.

Regjeringa har som mål å auke pedagogdekninga til 60 prosent innan 2030. I dette biletet framstår det som lite framtidsretta at Kinn kommune ønskjer å gå andre vegen. Å samanlikne seg med kommunar som ligg lågare enn krava, gir heller ikkje eit godt grunnlag for avgjerder som skal sikre kvalitet.

*Kutt i språkstøtte *og spesialpedagogiske ressursar vil ramme dei barna som treng mest stabilitet. Når både ekstraressursane og grunnbemanninga blir svekka, blir belastninga større enn kvart einskild kutt. Det blir færre vaksne til å følgje opp barna i kvardagsaktivitetar, færre til å gi språkstimulering og færre til å sørgje for inkludering og tryggleik.

Tilsette skildrar allereie ein pressa kvardag. Når kollegaer er sjuke, står éin person ofte åleine, og viktige oppgåver får mindre prioritet. Færre fagpersonar betyr at dei barna som treng støtte, risikerer å få den seinare eller i mindre omfang.

*Både forsking og erfaring *viser at det løner seg å førebyggje tidleg. Når barnehagen ikkje har ressursar til å gi barn den støtta dei treng, aukar risikoen for større utfordringar seinare i skuleløpet. Det inneber fleire henvisningar og fleire vedtak, og det blir dyrare for kommunen på sikt. Å kutte no er derfor ikkje ei reell innsparing, berre ei forskuving av utgifter.

*Barnehagen *er ikkje ein stad barna berre skal oppbevarast. Ho er ei pedagogisk arena som krev kompetanse. Pedagogane har kunnskap om barns utvikling, språk, sosialt samspel og korleis ein god barnehagehvardag blir bygd. Når pedagogdekninga blir redusert, blir også kvaliteten på dette tilbodet redusert. Det går utover heile barnegruppa.

*Foreldre betalar for *eit opplæringstilbod som skal halde eit fagleg og pedagogisk nivå. Det er rimeleg å forvente at kvaliteten blir ivaretatt, også i økonomisk stramme periodar.

Vi bed dykk ta inn over dykk korleis kvardagen i barnehagen faktisk blir når bemanninga er for låg. Når éin vaksen står åleine på avdelinga, fell delar av det pedagogiske arbeidet bort. Språktrening blir mindre systematisk, og barn som har behov for ekstra støtte, får mindre kontinuitet. Dette handlar ikkje om dramatisering, men om skildringar frå tilsette i dagens situasjon.

På vegner av barn og foreldre i Kinn-barnehagane seier vi:

*Vi bed dykk sikre *at barnehagane i Kinn framleis er stader der barna får ein trygg og utviklande start på livet. Dette er ei investering i framtidas innbyggjarar og i kommunen som heilskap.