19 år gamle Eline frå Førde driv med ein hobby der aktive hender utviklar hjernen
Eline Voltersvik Styve kan ha funne ein hobby av det smarte slaget. Deler av hjernen ligg nemleg i dvale når vi ikkje jobbar med hendene.
– Når eg først set meg ned og syr kan eg sitte i mange timar. Ofte heile natta. Eg klarer rett og slett ikkje å slutte.
Eline Voltersvik Styve jobbar i strikkebutikk og brukar mykje av fritida på handarbeid.
– Det er gøy å kunne lage sine eigne klede og vise fram kva eg lagar.
Ho har lært seg å sy sjølv, men i dag er det få unge som kan å bruke hendene på denne måten.
Det gjer at hjernen til Styve fungerer litt annleis.
Hjernen i dvale
Ole Petter Hjelle har doktorgrad i nevrologi, og seier at det å bruke hendene og kroppen er noko av det viktigaste du gjer for hjernen din.
– Om du driv mykje med handarbeid, så lagar du fleire kontaktpunkt mellom nervecellene som styrer finmotorikken din.
Nervecellene blir ikkje borte om ein ikkje brukar hendene, men det blir færre kontaktpunkt mellom dei.
– Delar av hjernen ligg i dvale. Hjernecellene er der framleis og dei kan vekkast opp, men dei fungerer ikkje optimalt, seier Hjelle.
Dette trener hjernen
Her er Ole Petter Hjelle sine tips til korleis du kan trene hjernen:
- Driv med bevegelse som styrker motorikken, koordinasjonen og balanse.
- Ver fysisk aktiv.
- Driv med presisjonsarbeid som handarbeid.
- Utfordre deg sjølv til å lære nye ting.
- Ta quizar, diskuter og still spørsmål.
- Bruk hjernen mest mogleg!
Barndommen er gullalderen
Hjelle meiner at det er ekstra viktig at barn brukar kroppen til det kroppen er laga for. Då er hjernen i det han kallar «gullalderen».
– Kroppsøving, kunst og handverk og musikk er av dei viktigaste faga. Dei er heilt nødvendige for at hjernen skal utvikle seg normalt.
Jo betre hjernen verkar, jo betre kjem han til å halde seg. Difor er det synd at det har blitt mindre tid til praktiske fag i skulen.
– Alle dei faga som verkeleg bidreg til å stimulere hjernen vår, dei kuttar vi gjerne bort. Det er veldig uheldig, meiner hjerneforskaren.
Fingerblindskap
Fingerblindskap handlar om hender som ikkje klarar å slå med ein hammar, sy med nål og tråd eller klippe med saks.
Det er eit omgrep som den svenske handkirurgen, Göran Lundborg, først omtala.
Nyttar ein ikkje hendene kan ein bli «fingerblind», og det går utover hjerneutviklinga.
Hendene er ei forlenging av hjernen, og hjernen ei forlenging av hendene, meiner han.
For dei som ikkje kan å arbeide med hendene, ligg delar av hjernen i dvale.
– Eg skal ikkje gi meg
På broderiverkstaden til Midtre Sunnfjord husflidslag har seks kvinner samla seg.
Nokre av dei har halde på med handarbeid i over 60 år.
– Eg har ikkje tenkt å gi meg. Eg trur at samspelet mellom hendene og hovudet er sunt, seier Ragnhild Hukset.
Asbjørg Lotsberg lærte fleire typar handarbeid på skulen. Heile livet har hendene vore i arbeid og skapt nye ting.
– Ein kjedar seg aldri når ein held på med handarbeid. Å gjere det saman med andre er ekstra kjekt, seier Lotsberg.
Annakvar veke møtest dei for å brodere. I tillegg driv dei med andre typar handarbeid, som hekling og strikking. Utan at dei tenkjer over det, trener dei hjernen.
Scrolling gir inspirasjon
– Å trykke på mobilen fører ikkje til noko aktivitet, seier Ragnhild Hukset. Ho synest fleire barn burde lære meir handarbeid.
Hekla vesker har blitt populært blant unge, og Styve opplever at mange kjøper garn fordi dei vil hekle sjølv.
Sjølv om bruk av sosiale medium ofte vert snakka ned trur Eline Voltersvik Styve, som representant for den yngre generasjonen, at sosiale medium kan vere ei inspirasjonskjelde for mange unge.
– Vi blir inspirerte og ser kva andre held på med på sosiale medium. Det kan føre til at fleire vil prøve ut ulike typar handarbeid.