Herold

Svindla Nav for over 260.000 kroner: Brukte barna som unnskyldning

Kilde: NRK Author: Rahand Bazaz Published: 2026-01-15 17:33:39
SmÄbarnsfar svindla Nav for kvart million: Skulda pÄ barna

Ein mann i 30-Ära er dÞmt til fengsel etter Ä ha lurt til seg over 260.000 kroner i dagpengar.

Saka oppsummert:

  • Mannen i 30-Ă„ra melde i to Ă„r inn fĂŠrre arbeidstimar til Nav.
  • Det resulterte i at han fekk utbetalt 263 243 kroner for mykje i dagpengar.
  • Han melde inn Ă„ ha jobba 162,5 timar, medan han i rĂžynda jobba 1135,5 timar.
  • Mannen vart dĂžmd til 45 dagar ubetinga fengsel, men kan sĂžkje om Ă„ sone med fotlenke.
  • Forsvararen argumenterte for samfunnsstraff pĂ„ grunn av familiesituasjonen til mannen.
  • Kontrollrutinane til NAV avslĂžrte svindelen ved Ă„ samanlikne meldekorta med lĂžnsregister.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av journalistane i NRK fÞr publisering.

Mannen hevda han var i ein desperat Þkonomisk situasjon, men domstolen meiner omsynet til fellesskapen mÄ vege tyngre.

Gjennom nesten to Är sende mannen i 30-Ära inn meldekort til Nav der han systematisk underrapporterte talet pÄ arbeidstimar.

Han melde inn at han berre hadde jobba 162,5 timar, men det viste seg at han hadde vore i sving i heile 1135,5 timar.

Dette resulterte i at han fekk utbetalt 263.243 kroner for mykje i dagpengar, skriv SÞndre Østfold tingrett i ein fersk dom.

– Det har vore tĂžft for han Ă„ stĂ„ i dette, seier forsvararen til mannen, Hans Thomas Revhaug, til NRK.

– Gjorde noko skikkeleg dumt

Da saka kom opp for retten 9. januar i Är, valde Fredrikstad-mannen Ä legge korta pÄ bordet.

Han forklarte at svindelen starta etter at han fÞrst hadde mista jobben pÄ ein skole, men at han etter kvart fekk meir jobb via vikarbyrÄ.

Han la ikkje skjul pÄ motivet bak dei feilaktige opplysningane.

– Jeg gjorde dette fordi jeg og familien var i en vanskelig þkonomisk situasjon, sa mannen i tingretten.

– Eg gjorde dette fordi eg og familien var i ein vanskeleg Ăžkonomisk situasjon. Eg tenkte berre pĂ„ at eg mĂ„tte fĂ„ betalt utgiftene mine, forklarte mannen i retten.

Han angra pÄ det han gjorde.

– Eg gjorde etter kvart noko skikkeleg dumt, forklarte han.

Trass i dei Ăžkonomiske utfordringane, understreka retten at meldekorta er enkle Ă„ fylle ut, og at den tiltalte var godt informert om reglane.

Nav: – Basert pĂ„ tillit

Trygdesystemet i Noreg er bygd pÄ ein grunnleggande tillit mellom borgaren og staten. NÄr denne tilliten blir broten, ser domstolen svÊrt alvorleg pÄ det.

Dei ferskaste tala frÄ Nav teiknar eit dystert bilde av omfanget av trygdemisbruk.

I 2024 blei 346 personar melde for bedrageri av i overkant av 76 millionar kroner.

SmÄbarnsfaren sa i retten at han burde fÄ ei mild straff fordi han har smÄ barn og snart skal bli far for tredje gong.

Det var dei digitale kontrollrutinane i Nav som til slutt felte trebarnsfaren. Ved Ă„ kĂžyre meldekortet til mannen opp mot dei offisielle lĂžnnsregistera til staten, oppdaga kontrollĂžrane eit stort gap.

Retten viser til at allmennpreventive omsyn stÄr sterkt i slike saker.

Det betyr at straffa skal vere sÄ streng at den skremmer andre frÄ Ä gjere det same.

– Det dreier seg om misbruk av sentrale velferdsgode som i vesentleg grad er baserte pĂ„ tillit til at brukarane gir ei ĂŠrleg og rett skildring av sin Ăžkonomiske og sosiale situasjon, siterer retten frĂ„ ein tidlegare hĂžgsterettsdom.

Bad om samfunnsstraff av omsyn til barna

Forsvararen til mannen, advokat Hans Thomas Revhaug, argumenterte hardt for at 30-Äringen burde sleppe fengsel og heller bli dÞmt til samfunnsstraff.

Det blei vist til at mannen har omsorgsansvar for to mindreÄrige barn, og at familien ventar sitt tredje barn om berre fÄ mÄnader.

– Eg har ikkje fĂ„tt prata med han enda. Han hĂ„pa pĂ„ mildast mogleg straff fordi han nĂ„ skal bli far igjen. Det er ein krevjande situasjon Ă„ stĂ„ i, seier forsvarar Revhaug.

Retten var likevel ikkje einig i at familiesituasjonen var unik nok til Ä sleppe fengsel. Dommaren peika pÄ at mannen ikkje er aleineforsÞrgar, men deler ansvaret med kona si.

Hans Thomas Revhaug er mannen sin forsvarar.

– Det er normalt berre der ein tiltalt er aleineforsĂžrgar at dette omsynet i seg sjĂžlv kan grunngi samfunnsstraff nĂ„r fengsel utan vilkĂ„r er utgangspunktet, slĂ„r retten fast.

SjÞlv om straffenivÄet for eit bedrageri av denne stÞrrelsen normalt ligg pÄ mellom 75 og 90 dagar fengsel, fekk mannen fleire frÄdrag.

  • Han tilstod forholda og fekk litt strafferabatt.
  • Forholdet blei avdekt sommaren 2023, meldt i november 2024 og blei liggande hos politiet i ni mĂ„nader.
  • Dommen blei 45 dagar fengsel utan vilkĂ„r, med moglegheit for soning med fotlenke.

Forsvarar Hans Thomas Revhaug opplyser at det er uklart om mannen vil anke dommen frÄ tingretten.

đŸ·ïž Extracted Entities (15)

Nav (entity) Hans Thomas Revhaug (person) Krim i Østfold 📁 (category) Nav 📁 (category) Personlig þkonomi 📁 (category) Politi og kriminalitet 📁 (category) Politiet i Østfold 📁 (category) Svindel 📁 (category) Økonomi 📁 (category) Østfold 📁 (category) Fredrikstad-mannen (entity) KI-teneste (entity) Noreg (entity) OpenAI. Innhaldet (organization) Sþndre Østfold (person)

📊 Metadata

Category: Østfold, Politi og kriminalitet, Krim i Østfold, Politiet i Østfold, Nav, Svindel, Personlig Þkonomi, Økonomi
OpenGraph Title: Svindla Nav for over 260.000 kroner: Brukte barna som unnskyldning
Twitter Title: Svindla Nav for over 260.000 kroner: Brukte barna som unnskyldning