Funnet vekker oppsikt
DÄ Vinjar Vedde kom pÄ jobb i LangevÄg i Sula kommune pÄ mÄndag, gjorde han eit underleg funn.
Eit svĂŠrt sjeldan syn
PÄ bakken framfor inngangen til RÞrleggersentralen der Vinjar Vedde jobbar pÄ lageret, lÄg ein fugl han aldri hadde sett fÞr.
â Eg er i utgangspunktet veldig fugleinteressert. Eg er ikkje noko ekspert, men eg har sĂ„nn toleleg kontroll pĂ„ artane som er i omrĂ„det her, seier Vedde til NRK .
OgsÄ Sulaposten har onsdag omtalt funnet.
Fugleinteressert
Vedde er ein fugleinteressert kar, sÄ han visste at det mÄtte vere noko uvanleg og sjeldsynt.
Heller ikkje kameraten Kenneth StrandabĂž, som ĂČg har stor interesse for fugl, kjente att denne fuglen, som dessverre var dĂžd. Men han rĂ„dde Vedde til Ă„ spĂžr i ei Facebook-gruppe der folk hjelper til med Ă„ bestemme fugleartar.
Raskt dukka det opp nokon som kunne fortelje at det dreidde seg om ein rÞyrdrum, ein fugl i hegrefamilien som til vanleg held til litt lenger sÞr i Europa. Fuglen er sÄ sjeldan pÄ vÄre kantar at det visstnok berre finst to registrerte observasjonar av arten i MÞre og Romsal i Artsdatabanken, i 1948 og ein gong pÄ 80-talet.
Truleg frose i hel
SunnmÞrsposten har ikkje fÄtt tak i han som fann fuglen, men StrandabÞ fortel gjerne om funnet:
â Fuglen lĂ„g berre utanfor inngangspartiet til RĂžrleggersentralen. Det er jo litt tragikomisk at ein fugl som heiter RĂYRdrum tilfeldigvis ender livet sitt utanfor ein RĂYRleggjar âŠ
StrandabÞ trur at fuglen mÄ ha frose i hel under kuldeperioden sist veke. Det er trass alt ein fugl som held til ved ferskvatn og som normalt trekkjer sÞrover til varmare strÞk om vinteren.
â Det triste her er jo at om fuglen berre hadde halde ut ein dag til â eller kan hende berre nokre timar til â sĂ„ kan det hende den hadde klart seg. Det blei jo brĂ„tt mykje mildare i vĂȘret utover mĂ„ndagen.
Ornitolog Alv Ottar Folkestad bidrog ĂČg til Ă„ artsbestemme fuglen. Han tviler pĂ„ at fuglen ville klart seg sjĂžlv om han skulle ha overlevd fram til mildvĂȘret kom.
â RĂžyrdrumen lever av fisk frĂ„ ferskvatn, og no er alle vatna frosne. Det er nok desperat mangel pĂ„ mat som gjer at han har kome fram frĂ„ skogen, forklarer han.
Han fortel vidare at rÞyrdrumen normalt lever i det som kallast rÞyrskog, som eigenleg ikkje er ein skog, men ein landskapstype som bestÄr av det hÞgaste graset vi har i Noreg, takrÞyr, som kan bli over fire meter hÞgt.
â RĂžyrdrumen er vanlegvis svĂŠrt vanskeleg Ă„ fĂ„ auge pĂ„, fordi han held til djupt inne i rĂžyrskogen og dessutan har veldig gode kamuflasjefargar pĂ„ drakta si.
Den andre i same omrÄde pÄ fÄ Är
Den fÞrste delen av namnet pÄ fuglen, opplyser orinitologen, kjem nett av takrÞyr, medan den siste delen, -drum, kjem av den heilt spesielle lyden som denne fuglen lagar om natta i hekkesesongen.
Det hender seg at fuglen blir sett i rÞyrskog kring Oslofjorden og pÄ sÞrvestlandet, men pÄ Nord-Vestlandet er han altsÄ ekstremt sjeldan.
â Det pussige, seier Folkestad, er at det er ikkje sĂ„ mange Ă„r sidan â det var i alle fall pĂ„ denne sida av tusenĂ„rsskiftet â det blei observert ein rĂžyrdrum utanfor sildeoljefabrikken pĂ„ Vedde, altsĂ„ like i nĂŠrleiken av der rĂžyrdrumen blei funnen no. Den fuglen blei observert i live, men var i dĂ„rleg stand og stavra berre rundt.
PÄ spÞrsmÄl om rÞyrdrumen kan ha kome til Sula i sommarmÄnadene og gÞymt seg ved eit vatn fram til no pÄ vinteren, stiller Folkestad seg avvisande.
â Nei, det trur eg nok ikkje. Det som er mest sannsynleg, og som vi veit skjer av og til med trekkfuglar, er at «kompasset» deira pĂ„ eitt eller anna vis sviktar, slik at dei flyr mot nord i staden for mot sĂžr. Eg trur nok det er det som mĂ„ ha skjedd med denne fuglen, forklarer ornitologen
Museumsinteresse
Den sjeldne fuglen har fÞrt til mykje engasjement bÄde hos fuglekikarmiljÞet og hos ulike naturmuseum. Fleire har ytra Þnskje om Ä fuglen til utstopping og plassering i samlinga si.
â BĂ„de lokale museum og Naturhistorisk museum i Oslo har vist interesse for fuglen, men det blir opp til finnaren, Vinjar Vedde, Ă„ avgjere kva som skjer med den. Nett no ligg han i frysaren min, seier Kenneth StrandabĂž.