Herold

Næringsbygg i Ullensvang totalskadd i brann – fleire personar evakuerte

Kilde: NRK Author: Astrid Solheim Korsvoll Published: 2026-01-15 04:49:30 Last updated: 2026-01-15 06:58:42
Sagbruk i Ullensvang totalskadd i brann – fleire personar evakuerte

Fleire personar frå tre hus er evakuerte etter brann i Skare i Ullensvang.

Siste: Like etter 07.30 melder brannvesenet at brannen er slegen ned.

Det er nesten ikkje røyk på branntomta lenger og låge temperaturar, opplyser Børre Brekkvassmo i 110 Vest.

Fire personar og ein hund er evakuerte frå tre hus i samband med brannen i eit sagbruk ved Skare i Ullensvang.

Dei evakuerte bur i nærleiken av staden der det brenn.

Naudetatane fekk melding om hendinga klokka 01.13 i natt. Brannmannskap frå Odda og Røldal rykte ut.

Heile bygget var då overtent.

– Heile bygget øydelagt

Det var ikkje meldt om spreiingsfare. Det er om lag 15 meter til nabobygget.

– Det brenn godt i bygget, store flammar og mykje røyk, melde politiet først.

Like etter 05.30 brenn det framleis godt i bygget, men brannvesenet har kontroll, opplyser 110 Vest til NRK.

– Heile bygget er øydelagt i brannen, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest.

Han fortel at det er mykje ved lagra i bygget, noko som gjer til at det brenn framleis.

– Vi har brukt gravemaskiner til å fjerne veggar i bygget slik at vi kjem til all veden som brenn, fortel han.

Oppdaga eksplosiv – måtte evakuere

Det blei også oppdaga at det var lagra svartkrut i bygget. Sidan dette er eksplosiv, blei det bestemt at personar i området rundt måtte evakuerast.

– Vi hadde ikkje kontroll på kor det var lagra. Sidan svartkrut kan brenne opp av seg sjølv av ingenting, bestemte vi oss for å ta ekstra forholdsreglar og evakuere folk, seier Brekkvassmo.

Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier svartkruten blei ein «liten x-faktor i brannen», men at dei har kontroll.

– Det er ikkje noko eksplosjonsfare, seier han.

Skal etterforske saka

Det er ukjent når dei evakuerte får flytte heim, men dette blir ein del av vurderinga til politiet på morgonkvisten.

– Ein del hus i området er straumlause som følge av brannen, opplyser Dahl-Michelsen i politiet.

Brannårsaka er ukjent, men dette skal politiet gå i gang med å etterforske når tomta er kald nok, opplyser Steinar Hausvik i operasjonssentralen til NRK klokka 07.40.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE NRK
Sagbruk i Ullensvang totalskadd i brann – fleire personar evakuerte
Astrid Solheim Korsvoll · 2026-01-15 04:49:30
Fleire personar frå tre hus er evakuerte etter brann i Skare i Ullensvang.
Sagbruk i Ullensvang totalskadd i brann
Astrid Solheim Korsvoll · 2026-01-15 04:49:30
Fleire personar frå tre hus vart evakuerte etter brann i Skare i Ullensvang.

🏷️ Extracted Entities (9)

Ullensvang (entity) Børre Brekkvassmo (person) Krim og hendingar i Vestland 📁 (category) Vest (entity) Knut Dahl-Michelsen (organization) Skare (entity) Odda (entity) Røldal (place) Steinar Hausvik (person)

📊 Metadata

Category: Krim og hendingar i Vestland
OpenGraph Title: Næringsbygg i Ullensvang totalskadd i brann – fleire personar evakuerte
Twitter Title: Næringsbygg i Ullensvang totalskadd i brann – fleire personar evakuerte