Svar til Klaus Rasmussen
Plus
Ulvik forsvarer lukka oppdrett i Bruravik i dette svaret til Naturvernforbundet.
Svar på Naturvernforbundet Hardanger v/Klaus Rasmussen sitt debattinnlegg 19.11.25 om oppstart av detaljregulering for Bruravik næringsområde i Ulvik herad.
Tek Ulvik ein demokratisk snarveg i møte med oppdrettsnæringa?
Naturvernforbundet Hardanger v/Klaus Rasmussen stiller spørsmål ved den demokratiske prosessen knytt til framlegg til reguleringsplan for Bruravik næringsområde i Ulvik herad. Eg ønskjer difor å gjere greie for den lokale prosessen som har vore so langt, og korleis me vil handsame den vidare.
Bruravik Utvikling AS kjøpte den nedlagde ferjekaien i Bruravik frå Hordaland fylkeskommune i 2019. Etter fleire kontaktpunkt og presentasjonar for politisk og administrativ leiing i Ulvik herad med informasjon om planar for lukka oppdrettsanlegg i sjø, vedtok formannskapet i møte 25. mars 2022 å starte opp arbeidet med reguleringsplan for matproduksjon i sjø med tilhøyrande infrastruktur på land. Planen legg opp til attbruk av opparbeida areal på land i samsvar med kommuneplan (næring). Sjøanlegga skal nytta lukka teknologi, for å unngå å få inn lakselus/larver, og for å kunne samle opp slam slik at utslepp til fjorden vert avgrensa samanlikna med tradisjonell oppdrett i opne merdar.
Ein reguleringsplan for området gjev ei arealmessig opning for å kunne søkje om løyve etter akvakulturlova på lokaliteten. Oppstart av planarbeidet vart annonsert og varsla i tråd med plan- og bygningslova.
I samband med planarbeidet har det vore gjennomført ei rekkje undersøkingar og kartleggingar, mellom anna konsekvensutgreiing av vassmiljø og naturmangfald i sjø og fjøresonegransking med tilstandsvurdering av makroalgesamfunn. Desse er tilgjengelege på Ulvik herad sine heimesider saman med annan dokumentasjon og planutkastet som er på høyring. Høyringsfristen er 8. desember 2025.
Parallelt med planarbeidet har prosjektet vore presentert mellom anna på regionale samlingar for næringsliv, og i politiske møte. Desse er som kjent opne for alle som ønskjer å vere til stades.
Prosessen som skildra over står i sterk kontrast til Rasmussen sin påstand om at ordførar og administrasjon har forhandla med eigarane i lukka fora. I innlegget til Rasmussen kan ein og få inntrykk av at det skal etablerast eit tradisjonelt oppdrettsanlegg, noko det i lang tid har vore politisk einigheit om at ein ikkje ønskjer i indre delar av Hardangerfjorden. Dette synet har, og vil Ulvik herad framleis støtta.
Rasmussen nemner ikkje i innlegget at planen omhandlar anlegg i sjø med lukka teknologi, noko som frå starten har vore ein føresetnad for at Ulvik herad ville gå vidare med planane. Føresegnene til planutkastet omhandlar dette kravet.
Eit lukka oppdrettsanlegg i sjø med tilhøyrande teknologi, kan sidestillast med eit anlegg på land.
Dei fleste i Hardanger ønskjer ein rein og frisk Hardangerfjord som framleis skal gje grunnlag for aktivitet i bygdene. Kanskje ny teknologi i Bruravik kan bidra til å sette standarden for alle anlegga i fjorden i tida som kjem. Det vil vere eit stort bidrag til ein sunnare fjord.