No er det ikkje lenger så trist å vere aleine ein kveld eller to
SKRÅBLIKK: No hastar det med å bli ferdige med å ønskje folk godt nytt år. Det høyrest liksom ikkje så ekte ut når vi er midtvegs i januar. Du får heller snakke om vêret om du står fast for ein opningsreplikk når du møter kjende på butikken.
Det er meininga at livet skal normalisere seg no. Vi er ferdige med alle jule- og nyttårsselskapa, så det er for seint å rette opp tabben med dei to du gløymde å invitere. Du treng ikkje lenger vere forplikta til å invitere visse personar om du skal ha eit kveldslag.
No kan du invitere dei du har lyst å vere saman med, og berre dei. Du treng heller ikkje lenger snøre på deg eit trongt slips – og imponere med flott oppdekking og spennande mat.
Det einaste leie er at utan slips er det heller ikkje naturleg å servere akevitt. Men på den positive sida slepp du å gå rundt med barnåler i sokkane.
No er det igjen lov å krangle litt ved bordet, utan at ho som sit ved sidan av deg sparkar deg hardt på leggen. Og ungane kan endeleg få gå frå bordet når dei vil.
Du kan også få vere aleine ein kveld eller to, utan at slekt eller naboar tykkjer synd på deg og stikk innom midt i fotballkampen du ser på. Det er visst nemleg ikkje så trist lenger å vere aleine, no når jula er over.
I alle fall bryr vi oss ikkje lenger så mykje om dei som sit aleine. Og ingen legg lenger ut invitasjonar på Facebook og tilbyr kos og fellesskap til dei som ikkje har nokon å vere saman med.
Det er bra at vi bryr oss i jula, men litt underleg kor fort vi slår av omsorgsgenet vårt. Men no kan i alle fall dei som likar å vere aleine slappe av, og nyte aleinetida utan dårleg samvit for alle invitasjonane dei sa nei til.
No er det igjen lov å stikke innom til folk utan å vere invitert – og du kan ta vel imot dei som kjem sjølv om du ikkje har anna å by på enn kaffi og nokre tørre kjeks.
Rett nok skjer ikkje dette så ofte lenger – at folk berre stikk innom, slik dei gjorde før. No vegrar dei fleste seg om dei ikkje er inviterte, om dei ikkje har sjekka på sms at det er greitt at dei bankar på, om dei ikkje har eit ærend og ein god grunn til å ringje på.
Men sjølv om jula er over, så kan du godt gjere det – sjå innom til ei som ofte sit aleine. Anten blir ho glad for at du kjem, eller så viser ho at ho likar seg best aleine. Og då treng du ikkje gjere det så ofte. Uansett så har du gjort ei god gjerning.
janperstyve@gmail.com