Ny Debatten-programleiar på plass i januar
NRK arbeider med å finne ein arvtakar etter Fredrik Solvang i Debatten. – Må vere modig, seier redaksjonssjefen.
Få nyhetsbrev fra Journalisten. Torsdag hadde Solvang si siste sending i Debatten, og vart hylla av både statsminister og kringkastingssjef. Sjølv om tida hans på skjermen blir beskrive som ei epoke, er det inga tvil om at debattkonseptet skal halde fram som før. – Det er heldigvis sånn at vi ikkje treng legge ned eit program, sjølv om han gir seg. Det er ein veldig dyktig redaksjon som blir igjen, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen. Ho seier at redaksjonen no er i tenkeboksen og arbeider langs fleire spor for å finne ein arvtakar. Kven det blir er enda ikkje avgjort. Fleire namn sirkulerer TV 2 peikar på blant andre NRK-profilane Linn Wiik frå Nyheitsmorgen, Sigrid Sollund frå Dagsnytt 18, utanrikskorrespondent Yama Wolasmal og Dagsrevyen-anker Ingerid Stenvold. Stenvold får støtte frå nypensjonerte Arill Riise, frå TV 2. Kanalen trekk også fram «Åsted Norge»-programleiar Cathrine Fossum som ein potensiell ny Debatten-programleiar. Linn Wiik får støtte av samfunnsdebattant Isabelle Ringnes i ein VG-kommentar. VG peiker også på komikar Erlend Mørch og politisk journalist Mats Rønning som aktuelle arvtakarar. Rønning blir også trukket fram av Medier24 og Nettavisen. Der blir også Espen Aas, Atle Bjurstrøm, Bjørn Myklebust nemnt. – Må vere modig – Vi har mange flinke å ta av, så eg meiner vi skal ha det på plass innan januar, seier redaksjonssjef i Debatten, Solveig Tvedt, til Journalisten. Ho vil ikkje seie om det blir ei intern eller ekstern rekruttering. Etter planen er den neste sendinga spikra over nyttår, 6. januar. – Når vi er klare, skal de få vite det, seier Tvedt. Fleire detaljar ynskjer ikkje redaksjonen å dele. – Kva kan ein ny programleiar ta med seg frå Solvang? – Du må ha politisk kompetanse, og følge veldig godt med på samfunnsdebatten. Og så er det noko med å vere modig å tørre å stille vanskelege spørsmål. Du må vere villig til å drive journalistikk, og ikkje berre gi ordet til nokon. Der har Fredrik vore i ei klasse for seg, seier Tvedt. Open for forandring Fredrik Solvang har markert seg på sin måte i Debatten dei siste åtte åra, men NRK er open for at ikkje alt må gjerast som før. – Einkvar redaksjon og einkvar profil må få prege det på sin måte, seier Tvedt. I utgangspunktet vil Debatten halde fram to gongar i veka, slikt som før. Vil gjerne ha konkurranse Under Solvang si avslutning forrige veke nytta Høgra-leiar Erna Solverg høvet til å rose NRK for å ha eit fast debattprogram, noko ho meiner manglar hos TV 2 og andre mediehus. – Vi har sagt at vi vil vere eit felles debattprogram for heile nasjonen, seier Tvedt. – Du tenker ikkje at formatet er utdatert, når andre sluttar med det? – Nei, vi ser jo på sjåartala at interessen er relativt stor, så eg meiner at det hadde vært kjempefint om TV 2 ville gitt oss litt konkurranse. – Men eitkvart konsept som dette må uansett fornye seg, seier ho. LES OGSÅ: