Vinteren over i denne omgang – dette seier meteorologen om vêret framover
Vi håpar du som er glad i snø og vinter har fått vore mykje ute desse vinterdagane vi har hatt, for denne veka blir grå og våt i Kvinnherad.
Det bekreftar vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane hos Meteorologisk institutt.
Måndag bles det kraftig, som førte til fleire innstilte ferje- og hurtigbåtavgangar.
Sterk vind – her blæs reporteren vår nesten på sjøen
I dag, tysdag, har mykje av snøen regna vekk, og det vil truleg ta ei god stund før det eventuelt kjem ny snø i låglandet, seier Vågane.
– Ja, no ser vi mildare vêr, og vi må opp i høgda, rundt to til seks hundre meter, for å få kvit nedbør. Det er litt forskjellar rundt om i landet. I Odda er det minus 1,4 grader nett no, medan de har fleire plussgrader. Det milde vêret skal halda fram til og med komande helg, og så er det meir usikkert for neste veke.
Truleg blir det tørrare neste veke, men det er for tidleg å seia kor mykje sol vi eventuelt får, og kor kaldt det blir:
– Prognosen seier mellom -2 og +6 grader, så spennet er stort og det er dermed for tidleg å seia.
– Blir det meir storm, trur du?
– Ikkje på nivå med det de hadde i Kvinnherad måndag. Det neste kraftige lågtrykket vi følgjer litt med på kjem fredag, men det er eit lågtrykk som går ute i havet, så det gjenstår å sjå kor mykje de vil merka det i Kvinnherad. Det er ikkje snakk om noko farevarsel. Det einaste vi har ute no er farevarsel for is og glatte vegar i overgangen til mildare vêr.
Bygdelaget inviterte til open dag på isen: Scener som tatt ut av ein film