Herold

Inviterer til «Kom deg ut-dagen» i Tveitedalen igjen

Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-01-13 17:01:00
Inviterer til «Kom deg ut-dagen» i Tveitedalen igjen

Søndag 1. februar vil Barnas Turlag Kvinnherad og IL Ternen ha familiar ut i naturen, og lokkar med pølser, snøleik og kjekke aktivitetar.

I fjor samarbeidde Barnas Turlag Kvinnherad og IL Ternen om å arrangera «Kom deg ut-dagen» i Tveitedalen, og i år gjentek dei suksessen.

Sjå bildeserie frå i fjor her:

Bålkos, skirenn og rebus: Tveitedalen hadde alt denne laurdagen

«Me håpar på snø og ulike vinteraktivitetar, og Ternen lagar til barneskirenn. Viss det ikkje blir snø, lagar vi til andre aktivitetar. Kiwi sponsar pøsler til barna, og desse kan ein grilla sjølv på bålpanne. Og så kjem maskoten vår Turbo truleg innom for å sjå kva me held på med», står det på turlaget si nettside.

🏷️ Extracted Entities (3)

Tveitedalen (entity) Barnas Turlag Kvinnherad (person) IL Ternen (organization)