Nominert som landets beste – politikarane har vedtatt å bygge ned tilbodet
Byens skulebibliotek står overfor kutt. Samtidig er Skeiane ungdomsskoles bibliotek kandidat til å bli årets beste.
– Eg forstår verkeleg ikkje meininga med dette. På kva måte vil det tene andre skular at vårt tilbod blir dårlegare?
Det spør Linn Annett Eltervaag. Saman med Aina Kverneland driv ho skulebiblioteket på Skeiane ungdomsskole, som i år er det einaste skulebiblioteket i landet som er nominert til prisen for årets beste bibliotek.
Eltervaag og Kverneland brukar ti prosent av lærarstillingane sine til å skape leseglede blant elevane.
Om politikarane får vilja si, blir det stoppa i 2028.
Guttorm Stangeland (H) meiner derimot det er grunn til å nyansere budsjettvedtaket. Meir om det seinare.
– Fare for demokratiet
Politikarane vil la Sandnes folkebibliotek drifte skulebiblioteka i kommunen. Slik skal dei kutte 1,3 årsverk. Argumentet er at kvaliteten på tilbodet skal bli «jamnare».
Det er vedtatt i budsjettet.
Dei beste i klassen kan bli straffa, mens dei med dårlegast tilbod kanskje får noko som er litt betre.
Skulane skal sjølv bestemme kvar dei 1,3 årsverka forsvinn frå.
– Me har fått det godt til, men andre kan fint få til det same, seier Eltervaag.
Kverneland og Eltervaag er begge norsklærarar. Dei brenn for å formidle litteratur til barna, og dei trur ein må ha nokon med engasjement for å få til eit slikt tilbod.
Dei har hatt fleire besøk frå andre skular på biblioteket, som vil la seg inspirere.
– Det er ein fare for demokratiet om barn og unge ikkje meistrar lesing. Eg veit ikkje om det er her eg ville spart ein million, seier Kverneland.
Mykje med lite
Då Skeiane ungdomsskole blei pussa opp i 2020, fekk Kverneland og Eltervaag sjansen til å vere med på å bygge ei ny boksamling.
90 prosent av bøkene blei kasta. Sjølv om budsjettet for årlege innkjøp ikkje er på meir enn 15.000 kroner, har det nye biblioteket blitt ein møteplass på skulen.
Det trass i at dei berre har ope tre timar i veka.
Dei to lærarane meiner dei fleste av dei rundt 170 elevane på 8. trinn er innom for å hente ei ny bok rundt kvar sjette veke. Om lag 20 elevar er fast innom kvar veke.
– Me har fått til mykje med veldig lite, meiner Eltervaag.
Elevane vil møte låst dør
– Eg meiner ein heller må gå målretta inn og støtte dei biblioteka som treng meir hjelp, seier Kverneland.
Dei to norsklærarane kjenner dei fleste av dei 500 elevane. Lærarane veit kva klassane jobbar med, hjelper dei andre lærarane med å gi anbefalingar og kjenner til kva elevane har lese tidlegare.
– Folkebiblioteket kan ikkje bidra på same måte, meiner Kverneland.
Det er enno uklart korleis det nye tilbodet vil bli.
Trude Svanes er biblioteksjef i Sandnes. Ho fortel at arbeidet med organiseringa rundt skulebiblioteka startar no, og at dei ikkje har konkrete planar enno.
Folkebiblioteket får tre nye årsverk til å drive skulebiblioteka.
Dei vil gjerne dele meir om arbeidet sitt, men det er rett og slett for tidleg.
– Me fryktar det blir oftare låst dør. Ikkje minst rotete. Me brukar tid nesten dagleg på å rydde i hyllene, og det vil bli større avstand mellom skulebiblioteket og elevane, meiner Kverneland.
Dette seier HØP om skulebibliotek-kutta
Mistar nøkkelperson
Espen Iversen er koordinator for skulebiblioteka i ei prosjektstilling.
- mars avsluttar kommunen prosjektstillinga hans, som heng saman med budsjettprioriteringa. Iversen går tilbake til jobben som formidlar i Sandnes folkebibliotek.
Iversen kan ikkje uttale seg om vedtaket, men skreiv i haust eit kritisk lesarinnlegg om kutta i Stavanger Aftenblad.
Han hyllar satsinga på Skeiane.
– Det er kjempestas at dei er nominerte, seier han.
Arbeidet til Kverneland og Eltervaag har blitt løfta fram i kommunens nettverk for skulebibliotek, fortel han.
– Det er veldig kjekt at dei får anerkjenning for det. Eg er stolt av dette, seier Iversen.
Kverneland og Eltervaag hadde høyrt at han skulle ut av prosjektstillinga, men trudde det først var i utgangen av 2027. Koordinatoren forsvinn altså allereie i vår.
– Me syns det er veldig trist at stillinga forsvinn allereie no. Han har betydd mykje for samkøyringa og kompetansehevinga på skulebiblioteka i Sandnes. Me kjem til å sakne engasjementet og entusiasmen hans, seier Kverneland.
Skal sjå på kvart tilfelle
Ordførar Kenny Rettore (H) viser til Guttorm Stangeland for kommentar. Stangeland leiar utvalg for kultur og oppvekst og er gruppeleiar i Høgre.
Politikaren syns det er kjekt at skulebiblioteket på Skeiane hevdar seg nasjonalt.
– Det er kjempebra. Dei må ha gjort ein skikkeleg god jobb, seier Stangeland.
– Viss ein les vedtaket, får ein inntrykk av at dei som gjer det best får svi, mens dei dårlegaste blir litt betre. Syns de dette er rett måte å gjere det på?
– Det ville vore ein uheldig konsekvens. Me skal ha bra kvalitet på skulebiblioteka i Sandnes, men tanken om sentralisert styring er i utgangspunktet god, seier Stangeland.
Han viser til at teksten er ei generell vurdering skrive av konsulentselskapet Agenda Kaupang. Men det er altså det som er vedtatt.
– Ein må bruke fornuft og sjå nærmare på kvar enkelt skule. Hovudfokuset må vere at det skal bli betre totalt sett. Det er uheldig viss kvaliteten går betydeleg ned nokre plassar. Då må me heller ta ei vurdering på dei det gjeld, seier Stangeland.
Reelsvideoer SoMe – LEGG DENNE NEDERST I ALLE SAKER