Sikta for valdtekt på ferjekai – fengsla vidare
Mannen er sikta for gjentekne seksuelle overgrep for fleire fornærma. Til saman handlar det om 23 forhold.
Sikta for valdtekt på ferjekai – fengsla vidare
Ein mann i 20-åra blei i juni fengsla etter å ha blitt sikta blant anna for valdtekt av ei mindreårig jente på toalettet på ei ferjekai på Sunnmøre. Varetektsfengslinga er seinare forlenga fleire gonger, sist gong i Sunnmøre tingrett.
No er det Sogn og Fjordane tingrett som har funne grunnlag for å fengsle mannen vidare.
I rettsavgjerda går det fram at straffesaka er overtatt av Vest politidistrikt for samordning med eit eldre sakskompleks.
Legg vekt på alvoret
Mannen er sikta for gjentekne seksuelle overgrep mot fleire ulike fornærma.
I januar i fjor var han sikta for 15 forhold, og i desember blei han sikta for åtte nye forhold, ifølgje rettsavgjerda.
Retten legg vekt på alvoret i saka, omfanget av dei påståtte forholda og at det er tale om overgrep mot fleire fornærma over tid.
Vidare blir det trekt fram at det han er sikta for har ei strafferamme på fengsel inntil ti år. Om han blir dømd for det han er sikta for, risikerer han ubetinga fengsel i fleire år.
– Fare for gjentaking
I rettsdokumentet går det fram at saka handlar om ulike former for seksuelle overgrep, blant anna handlingar via internett eller andre digitale plattformer.
Retten meiner det er fare for gjentaking om han blir sett fri no.
Påtalemakta har opplyst at saka vil bli oversendt Statsadvokaten med innstilling i løpet av kort tid.
Sogn og Fjordane tingrett si avgjerd inneber at mannen kan haldast fengsla vidare, men ikkje lenger enn til 9. februar.