Herold

Åtvarar mot glatte vegar

Kilde: Firda Author: Ina Christin Løvseth Published: 2026-01-13 06:34:45
Åtvarar mot glatte vegar

Vinteren tek ein pause på Vestlandet og overgang til mildvêr gir auka fare for isglatte vegar.

Meteorologisk institutt åtvarar mot glatt underlag dei komande dagane.

Årsaka er overgang til mildare vêr. Lokalt vil regn fryse på kald bakke. I høgda og i indre strok vil nedbør først kome som sludd og snø.

– Det kan vere store lokale skilnader, så det beste rådet er å køyre etter forholda, seier trafikkoperatør Malin Blom ved Vegtrafikksentralen Vest.

Ho ber reisande om å følge med på veg- og vêrmeldingar.

Dei fleste fjellovergangar er opne, men det er kolonnekøyring på rv. 7 over Hardangervidda. Fv. 50 over Hol-Aurland har opna igjen, etter å ha vore stengt grunna uvêr. Det blir kolonnekøyring fram til klokka 09:00 tysdag morgon.

Isnedfall på rv. 5: – Har fått ganske mange meldingar

🏷️ Extracted Entities (5)

Hardangervidda (entity) Hol-Aurland (place) Malin Blom (person) Vegtrafikksentralen Vest (organization) Vestlandet (entity)