Fortsett styrkinga av yrkesfag
Innlegget frå Utdanningsforbundet peiker på fleire viktige problemstillingar knytt til yrkesfagopplæringa. Fremskrittspartiet er positive til ein gjennomgang av relevante forskrifter, som kan bidra til å styrke yrkesfaga og heve kvaliteten på undervisninga. Vi er opne for dialog om både desse og andre tiltak.
At stadig fleire elevar velgjer yrkesfag er ei svært positiv utvikling, og heilt i tråd med det som har vore den politiske målsetninga. Det forpliktar oss til å sikre høg kvalitet i opplæringa og god tilgong på kvalifiserte yrkesfaglærarar. Samstundes er det avgjerande at yrkesfaga utviklast i tett samspel med næringslivet, slik at utdanningane som tilbys matchar næringslivet sitt behov.
I takt med næringslivet
Fremskrittspartiet vil derfor styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, blant anna gjennom ei kraftig utviding av ordninga med hospitering i bedrift for yrkesfaglærarar. Vi vil også gjere det enklare for fagfolk med verdifull praksiserfaring å bidra i undervisninga, og styrke rekrutteringsstipenda for dei som ønskjer å ta yrkesfaglærarutdanning. Her kreves det at regelverket er fleksibelt og opnar for lokale løysingar.
Skal yrkesfaga lykkast, må opplæringa vere meir relevant, praksisretta og i takt med næringslivet sitt behov. Det krever vilje til å justere regelverk, mindre unødvendig byråkrati og tettare samarbeid med næringslivet. Der vil Fremskrittspartiet vere ei tydeleg og konstruktiv stemme.
Til landets 10.-klassinger: Husk yrkesfag
Surnadal vgs er viktigare enn Todalsfjordprosjektet
Når 4.600 ungdommer står utenfor – da må vi våkne
Ikke flere skoletimer, men bedre skoletimer
🔗 Related Articles (1)
View Graph