Herold

No kan du snart gå gjennom skogen her

Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-01-13 04:03:00
No kan du snart gå gjennom skogen her

Jobben med å lage ny sti mellom Kystmuseet og Austvika er tildelt.

Kinn kommune gav dispensasjon og løyve til stien, med nokre vilkår og justeringar etter innspel frå bebuarar langs Brendøyvegen, slik Firdaposten skreiv i denne saka i november i fjor.

Stien blir omkring 300 meter lang, grusa og får ei breidd på mellom ein og halvannan meter.

Då stien blei lansert, blei det argumentert med at brua til Snorreankeret må fjernast grunna roteskadar. Dermed kan ein kombinere desse to tiltaka, noko som vil gi mindre naturinngrep totalt sett.

Det vil vere fokus på å gjere stien så tilgjengeleg og brukarvennleg som mogleg, men små naturinngrep går framfor universell utforming. I enden av stien ned mot Austvika er det eit område med bratt hammar, så her må kommune og entreprenør bli samde om ei funksjonell løysing. Her skal det også lagast til eit skjermingsgjerde mot ein bustadeigedom.

Det blei henta inn tre tilbod på jobben, frå Terøy Maskin AS, Rune Sandvik AS og frå Ramsdal Maskin AS. Det var små skilnader i kvalitet og gjennomføring frå dei tre entreprenørane, men sistnemnde var rimelegast og har no fått tildelt jobben.

Park- og grøntansvarleg Anders Espeset i Kinn kommune opplyser at kostnadsramma for stien er like under halv million kroner, og at dei reknar med snarleg oppstart av arbeidet.

– Det vil avhenge litt av vêr og vinter. Nokre detaljar der ein kjem ned i Austvikvegen må vi avklare litt meir med naboar, men vi har ein dialog med dei.

🏷️ Extracted Entities (10)

Austvika (entity) Anders Espeset (person) Austvikvegen (entity) Brendøyvegen (entity) Kinn (entity) Kystmuseet (entity) Ramsdal Maskin AS. Det (organization) Rune Sandvik AS (organization) Snorreankeret (entity) Terøy Maskin AS (organization)