Herold

Elvebrus ønskjer å bli større – no er første band klart

Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-01-13 03:05:00
Elvebrus ønskjer å bli større – no er første band klart

Elvebrusfestivalen har ambisjonar om å gjera det større og betre enn i fjor. No har arrangørane på Stanghelle lansert det første bandet for 2026, og har eit par andre planar på gang.

Elvebrus 2026 startar opp 17. og 18. juli i sommar, og Agnavika blir igjen fylt opp av musikkglade menneske.

Laurdag lanserte Elvebrus bandet Gunslingers som første artist til festivalen. Gunslingers er eit pop-countryband frå Tørvikbygd i Hardanger som syng på dialekt, med ein god dose humor. Dei har halde på i snart 20 år, og er kjent for show og effektar på scena.

- Dette er eit band me har trua på, seier Torje Midtsæter frå arrangørgjengen i Elvebrus.

Kva dag Gunslingers skal spela på, er arrangøren ikkje klar til å gå ut med enno, men dei planlegg røpa det om ikkje så altfor lenge.

Fleire artistar på veg

Torje Midsæter og resten av Elvebrus jobbar vidare med andre artistar og band til festivalen.

- Me er i dialog med mange spennande artistar, og er nær med å landa fleire avtalar. Så snart dei eventuelt er signerte, vil me annonsera det. Så det kjem fleire artistslepp utover våren, fortel han.

Vil bli større

På spørsmål om kva ambisjonar arrangøren har for festivalen i år, svarar Torje raskt.

- Det må vera at me ønskjer å gjera det betre og bli større enn i fjor. Me ønskjer å henta inn større og meir kjende artistar, og så vil me bli betre på marknadsføring av festivalen med tanke på områda Bergen og Voss, eigentleg heile Vestland, seier han.

Men eit element er det vanskeleg å planleggja.

- Me har vore heldige med vêret dei siste åra, men det er ikkje noko me kan gjera noko med.

Rekordmange og rekordvêr på den fjerde Elvebrusfestivalen

Nye tankar

For å få fleire folk til festivalen må ein leggja til rette for fleire ting.

- Me har eit ønske om å prøva å få til ein festivalcamping. Kvar den skal liggja, veit me ikkje enno, men me har eit par stader i tankane. Og så vil me sjå på om det er mogeleg å bruka båthamna i samband med den helga, slik at dei som ønskjer å komma med båt kan gjera det, seier Midsæter.

I 2024 innførte Elvebrus ei verjeordning for dei under 18 år.

- Dette tenkjer me å fortsetja med i år, informerar Midtsæter.

Utvida området

Det kan også vera snakk om å utvida området, dersom det trengst.

- Me har ikkje nokre konkrete planar, men dersom billettalet skulle visa seg å bli veldig godt, så ser me på mogelegheiter for å utvida baren, og i tillegg utnytta grasbakken opp mot leilegheitene på Tettaneset og gjera det mogeleg å sitja der. Men stenging av delar av, eller heile vegen i periodar, betinger dialog med og godkjenning frå kommunen, så dette er noko me må vurdera dersom me er så heldige at me sel så mange billettar, smilar Torje.

🏷️ Extracted Entities (13)

Elvebrus (entity) Torje Midtsæter (person) Gunslingers (entity) Torje Midsæter (person) Agnavika (entity) Bergen (entity) Elvebrusfestivalen (entity) Hardanger (entity) Stanghelle (entity) Tettaneset (entity) Tørvikbygd (entity) Vestland (place) Voss (entity)