Fastlandssamband mellom Stord og Kvinnherad
Det vart nyleg halde eit spennande folkemøte på Halsnøy der dette sambandet vart presentert. Initiativet til løysinga er frå lokale folk som alt kjenner reisevegen særs godt, Per Kristensen og Gerhard Eide. Og for ei løysing dette kan bli! Flyebru kombinert med ilandkøyring på øya Hidle, og ein kort tunell derifrå og over til Halsnøy. Det er lett å sjå at dei har gjort heimeleksa si med flid, ved å få motivert det anerkjente ingeniørfirmaet LMG Marine i Bergen og forskningsskipet «G.O. Sars» til å få gjort grunnundersøkingar rundt Hidle. Det er blitt utarbeidd skisser, og dei har estimert totalkostnadar samt høve til å få ferjeavløysningsmidlar frå staten.
Det som ofte skjer, er at andre kjem med alternative løysingar. Det er flott, og slik det skal vera. Alternativet her er sagt å vera ferjer på 35 minutt og nye ferjestø i Djupavika og på Halsnøy til 1-2 milliardar eller meir. I dette prosjektet er det også lagt inn høvet til å få noko ferjeavløysingsmidlar ved at sambandet blir litt kortare. Men det blir fortsatt ferjer, med den uvissa og ekstra tidsbruken det fører med seg. Planen er også å etablera ei cruiseskipshamn i Djupavika. Det går sikkert bra. Men der potensialet for fleire cruisskipsanløp er størst, er faktisk i Rosendal. Noko som vil tena både Kvinnheard og Stord meir.
Mange i Kvinnherad er no grundig leie av ferjer med stadige driftsavbrot. (Oftast på grunn av mannskapsmangel mm.) Iniativtakarane til dette smarte fastlandsambandet legg nok difor stor vekt på dette med å unngå bruk av ferjer. Ny estimert reisetid med bil mellom regionsenteret Leirvik og regionsenteret Husnes blir då berre 15 minutt. Det vil få store ringverknadar på arbeidsplassar, skular, sjukehus, og i butikk- og servicebransjen. Sunnhordland er rekna som ein av dei beste industri- og offshorebransje-lokasjonane i landet. Det er viktig å behalda denne statusen. Fastlandssamband frå Kvinnherad og over til Stord vil også bidra godt til dette. Målet bør jo på sikt vera å gjera Stord stort igjen.
Rosendal 11.01.2026
Hallgeir Skjelnes