Herold

Tre menn nektar straffskuld i Sunnmøre tingrett – sikta for grov korrupsjon

Kilde: NRK Author: Olaug Bjørneset Published: 2026-01-12 18:06:10
Tre menn tiltalt for grov korrupsjon - nektar straffskuld

Aktor meiner ein offentleg tilsett fekk økonomiske gode frå to bedriftseigarar, mot at han bidrog til at lånesøknadar vart godkjent. Dei tre nektar straffskuld.

Mennene er tiltalt for grov korrupsjon. Saka går for Sunnmøre tingrett fram til torsdag.

Den tidlegare offentleg tilsette har forklart seg i retten i tre dagar, og avslutta si forklaring måndag.

Han stiller seg uforståande til korrupsjonstiltalen.

– Det har vore kjempetungt. Heilt ekkelt. Nesten så eg ikkje orkar å gå ut i det heile tatt, sa han.

Frode Sulland forsvarar den tidlegare offentleg tilsette.

Blei oppdaga av rekneskapsførar

Dei to andre tiltalte er leiarar i fiskeribedrifter.

Påtalemakta meiner dei har gitt den tidlegare offentleg tilsette økonomiske fordelar i bytte mot hjelp til å få godkjent offentlege lån til fiskebåtar og fiskekvotar.

Alle tre nektar straffskuld i saka. Dei meiner desse private avtalane ikkje påverka lånesøknadene i det heile tatt.

Det heile starta med ein revisor som jobba i bedrifta til ein av dei tiltalte. Han reagerte på sal av ei leilegheit.

Ruth-Louise Osborg er dommar i saka mot dei tre korrupsjonstiltalte.

Den offentleg tilsette hadde kjøpt ei leilegheit av bedrifta til ein av dei andre, til nesten 1,4 millionar under marknadspris.

Økokrim blei varsla og politiet starta etterforsking.

Då kom det også fram at mannen hadde selt ei leilegheit for over 1,1 millionar kroner over marknadsverdi til den andre bedriftsleiaren.

Han forklarte i retten at det også var med mykje eksklusive møblar i prisen. I tillegg meinte han taksten som var sett i utgangspunktet var for låg.

Den tidlegare offentleg tilsette meiner prisen var rett for begge leilegheitene, og at dette ikkje handlar om korrupsjon.

Arild Kristian Dyngeland er forsvarar for den eine tiltalte bedriftseigaren. Kenneth Mikkelsen (til høgre) for den andre.

Ville skifte jobb

Korrupsjonstiltalen inneheld også avtalar om aksjekjøp.

Då politiet begynte å etterforske saka, forklarte mannen at han hadde skriftlege intensjonsavtalar om kjøp av aksjar til gunstige prisar i selskapa til dei to andre tiltalte.

Kjøpa vart aldri gjennomført.

Mannen forklarte i retten at han på den tida ønska å skifte jobb, og at aksjeavtalane kunne legge til rette for det.

Den tiltalte forklarte at desse avtalane ikkje påverka jobben han gjorde i det offentlege selskapet der bedriftsleiarane var kundar.

Planen var også heile tida å slutte før han eventuelt kjøpte aksjane.

Tiltalen mot den offentleg tilsette

Påtalemakta meiner han har gjort seg skuldig i grov korrupsjon fordi fordelane har stor verdi, det manglar openheit og at rådgjevaren har brote den særlege tilliten som følgde med stillinga.

Vanskelege å oppdage og etterforske

Aktor Magne Nyborg meiner det ikkje har kome fram noko overraskande i forklaringane til den tidlegare offentleg tilsette.

– Så eg er nøgd med korleis saka går.

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka i Sunnmøre tingrett.

Han seier korrupsjonssaker er vanskelege både å oppdage og etterforske.

– Det er særdeles grovt å utnytte si eiga stilling til å få private fordelar, seier han.

Forsvararen til den offentleg tilsette, Frode Sulland, meiner hans klient har forklart seg godt om kvifor han er uskyldig. Han presiserer at i alle straffesaker har ein også som vilkår at ein skal ha forstått at det har skjedd noko gale.

Frode Sulland i Sunnmøre tingrett.

– Min klient meiner at vilkåra for korrupsjon ikkje er oppfylt for nokon av hendingane tiltalen gjeld. Det er fleire vilkår som må vere oppfylt for ein slik tiltale og eventuell dom. Og han har grunngitt no over svært lang tid at ingen av vilkåra kan vere oppfylt i denne saka, seier Sulland.

🏷️ Extracted Entities (10)

Frode Sulland (person) Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Rettssaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Sunnmøre (entity) Aktor Magne Nyborg (person) Arild Kristian Dyngeland (person) Kenneth Mikkelsen (person) Ruth-Louise Osborg (organization) Statsadvokat Magne Nyborg (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Norge, Rettssaker i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Tre menn nektar straffskuld i Sunnmøre tingrett – sikta for grov korrupsjon
Twitter Title: Tre menn nektar straffskuld i Sunnmøre tingrett – sikta for grov korrupsjon