Gebyrsaka på Langeland - må det vere slik?
Frivillige organisasjonar blir heia på av politikarar og andre samfunnsaktørar, men korleis blir ein frivillig organisasjon møtt av statlege forvaltning når det kjem til handheving av regelverk? Kva konsekvensar kan det ha å ta på seg allmennyttige oppgåver, i vårt tilfelle tilrettelegging for idrett- og friluftsliv, og folkehelse i vid forstand.
Vi viser til Firda si omtale av saka 8.1.2026 der det framgår at skisenteret har klaga på vedtaket.
Argumenterte, men til inga nytte: – Vi er både forundra og skuffa
Når politiet seier at vernereglane er uklare og ikkje gir grunnlag for straffereaksjon frå deira side, framstår det som svært urimeleg for skisenteret, og for folk flest torer vi påstå, å få eit gebyr på kr 50.000 for at vi eventuelt har tolka verneforskrifta feil.
Saka, slik vi har opplevd den, reiser i tillegg til gebyret ei rekkje spørsmål som vi som frivillig organisasjon må stille oss, og som samfunnet elles kan ha interesse av. Difor dette lesarinnlegget/opne brevet til Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, med kopi til Miljødirektoratet.
Saka starta med at Statens Naturoppsyn kjem på eit uanmeldt besøk på Langeland og lagar ein rapport som har feil og manglar. Kvifor kunne ikkje skisenteret ha vore varsla slik at vi kunne ha ein dialog og fekk forklare kva som var gjort og bakgrunnen for det? Då kunne rapporten med påfølgjande saksbehandling fått ein betre start.
Vår første kjennskap til saka kjem via Politiet, med utgangspunkt i ei politimelding frå Statsforvaltaren i Vestland. Telefonen frå Politiet kom svært overraskande. Må det verkeleg vere slik at Politiet skal takast i bruk overfor ein frivillig organisasjon utan nærmare vurdering? I det minste kunne det vore ein dialog med skisenteret, eventuelt også kommunen, før politimeldinga vart sendt.
Det neste er at vi får tilgang til berre deler av dokumenta som ligg til grunn for politimeldinga, noko som er heilt uforståeleg. I lag med advokat må vi gå til det skrittet å be tingretten om tilgang til alle dokumenta, noko vi får medhald i. Vi sit igjen med eit inntrykk av at vi superkriminelle. Og igjen; må det verkeleg vere slik?
Det må også reisast spørsmål om kvifor forvaltninga nærast automatisk brukar gebyr som straffereaksjon i slike tilfelle. Om skisenteret hadde fått ei åtvaring for arbeidet som var gjort, hadde vi sjølvsagt tatt det på alvor. Vi er ein frivillig organisasjon som er avhengig av offentleg pengestøtte og godvilje. Det medfører at vi må ha respekt for lover og reglar - og åtvaringar frå det offentlege.
Det er ikkje skisenteret si oppgåve å meine så mykje om offentleg ressursbruk i ei slik sak, som no går på det tredje året. Men forvaltinga sjølv og ikkje minst våre politikarar bør ha interesse av dette. Ressursbruken må her ha vore veldig stor. Den kunne ha vore langt mindre om den hadde vore handtert i ein konstruktiv dialog med skisenteret, gjerne i lag med kommunen, i ein tidleg fase.
Årets første skitur: For den eine var det ei noko ny oppleving
Frå karusellrenn til Norgescup
Over 1000 bilar innom på éi veke : – Ein valfart utan like
– Det er ein grunn til at vi har hetter på oss. Elles hadde vi vore heilt kvite
Snø heile vinteren på Langeland kan vere redda