To drangedølar og ein tørdøl blei samlagsmeistrar denne helga
Drangedal skyttarlag hadde med seg 24 skyttarar fordelt på ulike klasser då Sannidal skyttarlag arrangerte samlagsstemne 15 m. Det gav gode resultat.
Jan Kåre Moland blei samlagsmeister i klasse 3-5+EJ. Elise Evensen Austad kunne krone seg med tittelen samlagsmeister klasse Eldre Rekrutt.
– Det er bra for Drangedal å få to titlar og mange pallplassar. Det gjekk bra for fleire av oss. Som vanleg var ikkje drangedølane beskjedne med topplasseringane i samlagsstemnet, seier Jan Kåre Moland, leiar av Drangedal skyttarlag.
Mange gode resultat
Moland kunne skilte med 347 poeng og kom på fyrsteplass framom Lars Ranvik Bruseth (Mælum) på 344 poeng og andreplass. Medan Runar Tveito (Lunde), også på 342 poeng kom på tredjeplass.
Kai Tore Austad frå Tørdal skyttarlag fekk 342 poeng og kom på fjerdeplass og lagkompis Ole Kristian Austad tok 11. plass med 337 poeng. Gustav Rosland, også frå Tørdal, med sine 333 posent tok 17. plass.
I klasse Eldre rekrutt fekk Elise Evensen Austad 350 poeng og kom på fyrsteplass framom lagveninne Signe Sætre (Drangedal), som fekk 349 poeng og hamna på andreplass. Martin Steffensen Øygarden (Lunde) fekk 347 poeng og med det tredjeplass.
I klasse Rekrutt blei det tredjeplass på Astrid Sætre med 338 poeng. I klasse Junior blei det tredjeplass på Torbjørn Tørnes Naas med 337 poeng. I same klasse sikra tørdølen Marie Helen Rosenkilde Dahle seg ein 9. plass med 330 poeng. Og i klasse V55 tok Geir Lindheim andreplass med 348 poeng. Det same gjorde Jan Vidar Lundtveit i klasse V65 med 349 poeng. Framom briljerte Tom Sørdalen frå Tørdal skyttarlag med 350 poeng og fyrsteplass. Lagkompis Magnar Austad fekk ein 9. plass med 342 poeng.
I klasse SK kom Hanna Sætre på tredjeplass med , og i klasse 4 blei det andreplass på Elias Furunes. I V75 fekk tørdølane Helge Rosland 341 poeng og 11. plass, og Vidar Kåsene 330 poeng og 17. plass.