Kommunesamanslåing? Nei takk!
Det har vore forsøk på kommunesamanslåing tidlegare som har mislukkast. I 2016 var det folkeavrøysting med ganske klart fleirtal mot. Som historia viser er ikkje dette populært og har møtt stor motstand. Det gjer det også denne gangen. Det er uheldig om dette endar med stor splitting og usemje. Ei evt samanslåing bør det vere god oppslutning om, det er det ikkje.
Mange hevdar at dårleg kommuneøkonomi og eldrebølgje vert takla betre med ein storkommune. Eg har problem med å forstå at det gir betre kommuneøkonomi av å slå saman kommunar der nokre alt har så store problem med økonomien at dei er i ferd med å hamna på den berykta Robek-lista. Det er lite som tyder på at det gir betre økonomi og tilbod til innbyggarane.
Dei økonomiske problema kjem jo på grunn av politikk. Det kjem stadig politiske reformar, også for kommunane, som ikkje vert godt nok finansierte. Eg støttar venstresida i politikken som meiner at vi må ha ein meir rettferdig økonomisk politikk som minkar dei økonomiske forskjellane og gir rom for naudsynte reformar. Då må vi skattlegge dei rike hardare. Det ville blant annet gi rom for betre kommuneøkonomi.
AP med Stoltenberg i spissen ønsker ikkje å gjere noko med skattenivået. Då fortset problema med kommuneøkonomien. Dei bør uansett vere med på at vi ser nærmare på fordelinga av skattane og gi meir til kommunane.
Når ein slår saman til store kommunar vert det ferre politikarar, fleire av dei vert nok heiltidstilsette og sit mest på kontoret i kommunesenteret. Det vert difor større geografisk avstandar for å treffe dei. Byråkratane får nok også gode tider. Dette er eit godt kjendt problem med sentralisering. Utkantane er dei som får merke det verst. Skulenedleggingane her i Innlandet er er eit eksempel. Det vert eit demokratisk problem.
At Høgre, Frp og andre høgrekrefter støttar denne utviklinga er ikkje overraskande. Høgrekreftene ønsker store kommunar og vil legge ned fylkeskommunen, då vert det lettare å få gjennom politikken deira.
Gjøvik og Toten-kommunane har eit godt samarbeid på felt der det er naturleg med samarbeid. Dette interkommunale samarbeidet bør ein fortsette med og gjerne utvide om det er ønskeleg. Samanslåing er altfor omfattande og etter mi meining ikkje ønskeleg av mange grunnar, dei viktigaste har eg har nemnd i dette innlegget.