Herold

Alle billettane rivne vekk – set opp ekstrakonsert 

Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-01-12 17:01:00
Alle billettane rivne vekk – set opp ekstrakonsert 

– Det er veldig kjekt, seier Ingve Lunde Hesjedal i Rosendal Kultur.

Rosendal Kultur skal som kjent avslutta sin andre sesong som kulturarrangørar med ein konsert med Maria Haukaas Mittet i Nyasago 18. april.

No er det klart at artisten, som vann NRK-programmet «Stjernekamp» tilbake i 2015, skal halda to konsertar. Rosendal Kultur har nemleg sett opp ekstrakonsert etter at billettane til første konsert vart rivne vekk.

– Vi var litt spente på det då vi la ut konsert så tidleg, men det selde bra før jul og så vart vi utselde på julaftan. Og då var både vi og dei interesserte i å få opp ein ekstrakonsert. Det gler vi oss til, seier Ingve Lunde Hesjedal.

Han er glad for at interessa for konsertane deira er stor.

– At vi må setta opp ekstrakonsert er jo eit bevis på at vi treff, så det er veldig gøy. Det er kjekt å arrangera når folk stiller opp, seier Hesjedal.

Kva som blir neste artist ut til å besøka Rosendal Kultur, er framleis ikkje kjent, men arrangøren jobbar heile vegen med booking.

– Vi jobbar med resten av vårprogrammet og håper å få til noko. Men det einaste vi veit no er at det blir to konsertar med Maria Haukaas Mittet, og det ser vi skikkeleg fram til, seier Hesjedal.

Fem søkte leiarjobben: – Håpar å få signert med nokon i løpet av januar

🏷️ Extracted Entities (6)

Rosendal Kultur (person) Ingve Lunde Hesjedal (person) Maria Haukaas Mittet (person) NRK-programmet (entity) Nyasago (entity) Stjernekamp (entity)