Herold

Avtale trumfar det meste

Kilde: Hordaland Author: Odd Bakketun Published: 2026-01-12 12:53:03
Avtale trumfar det meste

Etter iherdig marknadsføring av luftsportmiljøet med ei vekes årleg ekstremsport som joker, og av frilufts- og naturverninteressene med sine 1100 underskrifter frå fastbuande vossingar, blei områdereguleringsplanen for Bømoen hasteendra og vedtatt i 2024, og med det klarsignal til arbeid mot oreigning av store areal.

I ettertid kan det synast som at vedtaket både var forhasta, ikkje godt nok gjennomtenkt og ikkje nødvendigvis i samsvar med folkeviljen.

Difor ynskte heradstyret å komma vidare med å prøva å få i stand ei minneleg løysing som alternativ til oreigning, og å forhandla med grunneigar med mål om ein endringsavtale som alle kunne leva nokolunde godt med.

Ordføraren tok saka, har forhandla og lagt fram eit avtaleforslag.

Når avtaleforslaget no føreligg, og dei iherdige interessene nemnt ovanfor berre får behalda 50 prosent av dei areala dei fekk tatt ut av områdereguleringsplanen, har kampen starta igjen.

Som korkje motstandar av luftsport, ekstremsport , friluftsliv eller entreprenørskap, og heller ikkje medeigar i Bjørkebrua, prøver eg meg igjen med nokre tankar i kampens hete.

Området nord for flystripa

Grunneigar har forplikta seg til å stilla nødvendige areal til disp. for framtidig drift av Bømoen flyplass, og heradet har teikna 50 års festeavtale med grunneigar for flystripa.

At dette skulle vera problematisk for flyplassbrukarane er merkeleg.

Og at grunneigaren ikkje skulle ynskja å behalda ein opparbeidd flyplass på Bømoen er vanskeleg å tenkja seg. Så korttenkte er ikkje seriøse entreprenørar.

Fallskjermklubben

har sett seg sjølv i ein «skvis» takk vera «ta seg til rette»-politikken dei har ført.

Med litt innskrenka boltringsareal og framtidig lovlydigheit vil ein avtale berga eksistensen deira. Med ekspropriering vert dette høgst usikkert.

Drivstoffanlegg

Enkelte småflyplasser har ikkje drivstoffanlegg då dette ikkje svarar seg økonomisk. Bømoen har-, og vil framleis ha drivstoffanlegg, no gjerne også eit lovleg anlegg.

Men, å tenkja fleire drivstoffanlegg for Bømo-stripa, då har ein for alvor mista bakkekontakten.

Bjørkebrua

Til liks med Selheimsbrua, Langabrua og andre bruer i heradet har oppgradering av Bjørkebrua lite med ny områdereguleringsplan eller avtaleforslaget å gjera.

Voss herad tok på seg oppgradering av Bjørkebrua til 10 tonns akseltrykk i endringsavtale i 2007, signert av dåverande rådmann Einar Hauge, dette etter at heradet ikkje hadde innfridd avtale av 19. mai 1998 om makeskifte i Kyrkjeteigen. I endringsavtale frå 2007 vart det også avtalt at Bjørkebrua skulle vera opprustinga ved avslutning av avtalen om grusuttak i Kyrkjeteigen, dvs. 1. juli 2015. Å dra Bjørkebrua inn i denne saka vitnar berre om useriøsitet, og er «i beste fall» berre gjort for å skapa forvirring.

At heradet ikkje har ordna opp i dette på 10 år er elles tankevekkjande.

Avtaleforslaget legg opp til at grunneigar «får tilbake» fylgjande areal for utvikling:

1) Utviding av areal på nordsida av flystripa, nemnt som KBA7. Dette omfattar skogadosen som fallskjermklubben no har drive ulovleg camping på og der dei m.a. har bygt hytter/plattingar i trea. Området er inneklemt mellom Bømovegen, fallskjermklubben og flystripa.

2) Nytt areal N/Ø for fallskjermklubben og med grense mot dyrka mark i N, nemnt som NÆ1, er spesielt eigna for heilårs matproduksjon m.a.

3) Restarealet av den gamle flystripa og ei tynn stripe langs «den nye» flystripa, nemnt som KBA8. Deler av dette området var tidlegare bebygt, og er svært lite interessant som turområde.

4) Utviding av areal N og Ø for den gamle flyhangaren, nemnt som NÆ2.

Også dette område har høgt potensiale for utnytting av grunnvassenergi.

Området omkrinsar den gamle flyhangaren, verkstadbygningar osv.

Turstiar som fører vidare austover kryssar området paralellt med Bømoløypa.

Friluftsareal

Sjølv med det nye avtaleforslaget vil frilufts- og naturverninteressene kunna disponera og gle seg over areal i Bømoen tilsvarande over 275 fotballbaner.

For dei som dette vert for lite for er Vossafjella å tilrå, både med og utan skog og stiar.

Parkanlegg på Bømoen er utopi då dette medfører utgifter og ansvar for heradet.

Ny røysting

Heradstyret skal snart gjennomføra utsett røysting og svara JA eller NEI til det framforhandla avtaleforslaget.

Då er det å håpa at dei røysteføre har tenkt sjølve, røystar etter eiga overtyding og at partipisken denne gongen ikkje vert henta fram korkje innafor eige parti eller mot andre.

Legg opp til nytt maratonmøte for lokalpolitikarane

Bømoen AS: – Avtalen ligg framleis på bordet

Møtemaraton enda med utsetjing. – Det vart absurd

🏷️ Extracted Entities (20)

Bjørkebrua (entity) Bømoen AS (organization) Kyrkjeteigen (entity) Utviding (entity) Bømo-stripa (entity) Bømoløypa (entity) Bømovegen (entity) Einar Hauge (person) JA (entity) KBA7 (entity) KBA8 (entity) Langabrua (entity) N/Ø (entity) NEI (entity) Nytt (entity) NÆ1 (entity) NÆ2 (entity) Restarealet (entity) Selheimsbrua (entity) Vossafjella (entity)