Når vanlege folk ikkje lenger kan etablere seg, raknar samhaldet
I dag er det i praksis forbode å byggje enkle, rimelege bustader i Noreg.
Eg stod i kø på Coop Extra i Banak. Framfor meg: kvitost på tilbod og nokre altfor dyre tomatar. Bak meg: ein av forvaltarane i Porsanger Boligstiftelse – ein aktør som eig over 100 utleigebustader i kommunen.
Eg spurde han det mange i Porsanger lurer på:
Kvifor byggjer de ikkje fleire bustader når bustadkøane berre veks?
Svaret var brutalt ærleg:
«Vi kan ikkje. Dei tekniske krava er så mange og så dyre at ingen har råd til å bu i det vi byggjer.»
Dette er kjernen i den norske bustadkrisa – også i nord.
For i dag er det i praksis forbode å byggje enkle, rimelege bustader i Noreg. Regelverket krev same standard i Porsanger som i Bjørvika: avansert ventilasjon, ekstrem isolasjon, dokumentasjonskrav, energistandardar, universell utforming, brannkrav, lydkrav og tekniske installasjonar som gjer at sjølv ein liten treromsleilegheit på nesten gratis tomt må leigast ut for 16–18 000 kroner i månaden for å gå i null.
I ein kommune der folk tener langt under Oslo-nivå.
I Sverige og Finland kan ein byggje rimelegare bustader tilpassa lokale forhold. I Noreg har vi latt lobbyistar, teknokratar og kapitalkrefter skape eit system der bustaden ikkje lenger er ein del av samfunnets grunnmur – men eit luksusprodukt.
Resultatet er ein politisk skapt knappheit:
Det er ikkje mangel på land, trevirke, arbeidskraft eller behov i nord.
Det er mangel på lov til å byggje bustader folk har råd til.
Når det ikkje blir bygd, stig prisane.
Dei som eig, blir rikare.
Dei som leiger, blir pressa ut.
Bustaden har blitt ei formuesmaskin – ikkje ein heim.
Og dette slår rett inn i det som held samfunnet oppe: middelklassen. Når vanlege folk ikkje lenger kan etablere seg, raknar samhaldet. Ungdom flyttar. Arbeidskraft kjem ikkje. Eldre sit fast. Kommunar visnar.
Det er difor dette ikkje berre er ein bustadpolitisk debatt – det er ein demokratisk krise.
Vi må våge å seie det høgt: Bustad er infrastruktur. På linje med veg, vatn, skule og barnehage. Då må regelverket også vere deretter – fleksibelt, lokalt tilpassa og nordisk.
For det er noko djupt galt i eit land der vegen til rikdom går gjennom å eige heimen andre skulle ha budd i.
Og det er noko endå farlegare i eit land som ikkje lenger let folk bygge seg eit liv der dei kjem frå.