Herold

5-års jubileum for pepperkakebakinga på Kvalsund sykehjem

Kilde: Finnmarkdebatten Author: Gjertrud Veum Gamst, Intensivsykepleier og tidligere Virksomhetsleder ved Kvalsund sykehjem og hjemmetjeneste Published: 2026-01-12 13:17:56
5-års jubileum for pepperkakebakinga på Kvalsund sykehjem

Eit samarbeid mellom eldre og yngre hender.

I desember 2020 fekk eg ein idé om å få til baking av pepperkaker på Kvalsund sykehjem. Dette for å få til noko felles på tvers av aldrer og erfaring. Mange born har aldri sett hverken rullator eller rullestol og sidan besteforeldregenerasjonen i dag i hovedsak ennå er i jobb, er det få som har oldeforeldre som kan besøkes.

Kvalsund barnehage var positive til dette og lite visste vi i 2020 at dette skulle bli ein tradisjon som i desember hadde 5års jubileum som vi alle gler oss stort over. Born som kjem gåande i kø frå barnehagen, eit sammensurium av dresser, votter og sko fyller det ellers tomme inngangspartiet. Høglytte born som spring i dei lange og til vanleg stille korridorene.

Små utålmodige born som står i kø for å få vaska hendene. Når vi er i gang klarer dei knapt vente til deigen er kjevla ut før første kake trykkes ut, og så PANG, midt i den utrulla deigen trykkes første pepperkakehjerte ut.

I fjor leverte vi felles bidrag til pepperkakebyen i Hammerfest og i år har Kvalsund Barnehage laga eiga pepperkakebygd i Kvalsund. Eldre som vaknar til liv, kjenner på barndomsminne, kan fortelje historier tilbake til egen barndom. Noko vaknar, eit engasjement, smil, ei tåre i augekroken. Lukta som sprer seg i lokalet etter det vennlege kjøkkenpersonalet steiker kakene fortløpende for oss. Den eldre erfarne handa vedsida av dei små barnehendene, som sirlig trykker ut fleire former heilt i kanten av den utkjevla deigen.

Personalet som får vere vitne til det heile, foreldre på jobb som bakar saman med egne born, besteforeldre på jobb som får sjå gleda hos barnebarna. Det blei ein suksess i 2020 og er ein årleg kjærkommen tradisjon også 5år etter. Eg er viss om at aktivitør ved Kvalsund sykehjem og hjemmetjeneste vil føre denne tradisjonen videre.

🏷️ Extracted Entities (3)

Kvalsund Barnehage (person) Hammerfest (entity) PANG (entity)