Herold

Kreftforma kan snart vere historie: - Dette er fantastiske resultat

Kilde: NRK Author: Sigrid Agnethe Hansen Published: 2025-11-27 19:40:45
Kreftforma kan snart vere historie: - Dette er fantastiske resultat

Ein stor takk gÄr til HPV-vaksinen, meiner eksperten pÄ feltet.

Ser fram til 2038

Avgjerande kvalitetssikring

– Veldig bra

Les ogsÄ

NĂ„ kan alle kvinner ta HPV-test hjemme: – En enkel prĂžve redder liv

– Den aller beste kreften er den du ikkje fĂ„r

Hei!

Eit lite stikk i arma pÄ ein sjuandeklassing.

Det er alt som skal til for at livmorhalskreft om nokre Är kan vere historie.

Allereie no ser forskarane glade tal: Dei to siste Ära har ingen kvinner under 30 Är fÄtt pÄvist livmorhalskreft i Nordland, Troms og Finnmark.

I overkant av 300 kvinner fÄr livmorhalskreft Ärleg og over 70 dÞr kvart Är, ifÞlgje Tidsskrift for Den norske legeforening.

I 2024 var det 269 registrerte tilfelle, som er det lÄgaste nokon gong.

Tilfella er fĂŠrre og fĂŠrre, noko som blir knytt til vaksineringa av aldersgruppa.

No kan legane sjÄ verkeleg gledelege nyheiter pÄ omrÄdet: Tilfella av kreft i ung alder gÄr ned.

– Det er veldig bra. Det er heilt fantastiske resultat.

Kontoret til Sveinung SÞrbye ligg langt inni ein labyrint pÄ Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i TromsÞ. Sidan starten av 2000-talet har han jobba mykje med livmorhalskreft.

Veggen av flytteesker fylt med testresultat fortel om ein mann som er ekstra engasjert i sitt fagfelt.

Kasse pÄ kasse med prÞver ein kan kome til Ä fÄ bruk for.

Overlegen er reikna som ein av dei fremste ekspertane i Noreg pÄ HPV.

HPV er namnet pÄ ein gruppe virus som i stor grad smittar gjennom seksuell aktivitet. Ein kan da fÄ ein HPV-infeksjon, som ein ikkje merker. Det kan gÄ over av seg sjÞlv.

Men hos nokre kan det utvikle seg vidare til kreft. Hos kvinner oppstÄr dette som livmorhalskreft. Det kan ogsÄ bli kreft i skjede, ytre kjÞnnsorgan, anus, munn og hals. Hos menn kan det bli til kreft i penis, anus, munn og hals.

BÄde jenter og gutar fÄr derfor tilbod om HPV-vaksine i sjuandeklasse. Da rekk dei Ä fÄ den fÞr dei er seksuelt aktive, og dermed kan smitta stoppast.

Sidan starten av 2000-talet har Sveinung Wergeland SĂžrbye vore ein av dei som har jobba mest med HPV i Noreg.

– Gamechangeren har vore HPV-vaksinen. NĂ„r ein startar screening pĂ„ 25-Ă„rsalder, kan du ikkje fĂžrebyggje det ho har fĂ„tt fĂžr 25-Ă„rsalder, seier SĂžrbye og forklarar:

– FĂ„r du vaksine fĂžr seksuell debut, sĂ„ hindrar du viruset som lagar celleforandring og kreft i Ă„ infisere kvinna. Da fĂ„r vi slike resultat, og det er veldig bra.

Held denne positive trenden fram, vil det ikkje vere lenge til ein ser 100 tilfelle kvart Är, mot rundt 300 i dag, meiner overlegen.

Sidan 2016 har han og kollegaer pÄ UNN gjort ei kvalitetssikring av normale celleprÞver. Dette kallast HPV mRNA-test.

Sveinung Wergeland SÞrbye er overlege pÄ patologisk avdeling pÄ Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Han gleder seg over utviklinga han ser.

NRK har tidlegare omtala korleis dette har fÞrt til at kreft har blitt avdekka hos pasientar som har fÄtt beskjed om at alt var normalt.

Denne kvalitetssikringa er blant Ärsaka til at talet pÄ nordnorske kvinner som utviklar livmorhalskreft gÄr ned.

– Eg trur det handlar om god deltaking i screening, tidleg vaksinering og at vi har brukt HPV mRNA-test som kvalitetssikring i mange Ă„r. Det har gjort at forstadium til kreft blir oppdaga fĂžr dei utviklar seg vidare, forklarar SĂžrbye.

Verdas helseorganisasjon har eit mÄl om at det skal vere 4 tilfelle per 100.000 kvinne kvart Är. Kjem ein dit, vil ikkje livmorhalskreft vere reikna som eit folkehelseproblem i Noreg, fortel SÞrbye.

– Kor mange Ă„r er det til ein er der, da?

– 2038, svarer forskaren kontant, og legg kjapt til:

– Det er nokre Ă„r igjen. SĂ„ eg blir ikkje arbeidsledig med det fĂžrste.

Ein godt snÞballkast unna den jublande overlegen pÄ UNN, sit Helena Andersen og Aristea Dudi. Dei les til kvar sin eksamen ved UiT Norges arktiske universitet.

– Eg tenker at det er veldig bra og at det har kome inn i vaksinasjonsprogrammet, og at det viser seg Ă„ ha sĂ„ god beskytting.

Helena Andersen studerer farmasi, og er glad for Ä hÞyre om nyheita frÄ sjukehuset eit snÞballkast unna.

Helena studerer til Ä bli farmasÞyt, og har nyleg hatt forelesing om nettopp HPV-vaksinen. Ho synest det er fint Ä sjÄ resultata:

– Eg blir glad pĂ„ forskinga sine vegne, men ogsĂ„ for dei som fĂ„r vaksinen, at den har sĂ„ god effekt. Eg er veldig glad for at alle fĂ„r den.

Aristea har, i likskap med Helena, tatt HPV-vaksinen som del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Aristea Dudi synest det er fint Ä vite at HPV-vaksinen har sÄ god effekt.

– Det er veldig bra, seier barnehagelérar-studenten om nyheita om ingen tilfelle av livmorhalskreft i aldersgruppa dei to tilhþyrer.

– Er du glad for at du har vaksinert deg?

– Ja, definitivt.

– Det gir meg gĂ„sehud.

Brage Larsen Sollund jobbar med kreft dagen lang. Han er regionleiar for Kreftforeningen i Nord-Norge. For han er dette ein rein gladnyheit.

– Det er fantastisk, det er draumen vĂ„r. No ser vi resultata av Ă„ gje vaksine.

Regionleiar i Kreftforeningen i Nord-Norge, Brage Larsen Sollund, har all grunn til Ă„ glise.

Han meiner bÄde forskarar og politikarar skal ha ein takk for at ein har kome sÄ langt:

– Wow, det er dette vi drĂžymer om. Vi drĂžymer om eit liv utan kreft. Og sĂ„ ser vi at ei vaksine kan ha sĂ„ positiv effekt at ingen kvinner i Nord-Noreg har fĂ„tt pĂ„vist dette, av dei yngste som har vore gjennom vaksinasjonsprogrammet.

Regionleiaren hÄpar at sÄ mange som mogleg takkar ja til vaksinen i sjuandeklasse. Han har ein enkel oppfordring til sist:

– Den aller beste kreften er den du ikkje fĂ„r. Det funkar, det nyttar, slutt opp om dei fantastiske programma vi har.

Har du tankar om saka du las no, eller tips til heilt andre ting eg burde skrive om?

I haust har eg fortalt historia om Karl Edvart Dahl, som overlevde Titanic-ulykka og som ligg gravlagd i TromsĂž.

FÞr det skreiv eg om Lillian, som ikkje vil slutte Ä jobbe. Den saka finn du her. Eg har ogsÄ skrive om korfor det skeive miljÞet blei ekstra glad for den nye biskopen i Nord-HÄlogaland. Det kan du lese om her.

đŸ·ïž Extracted Entities (43)

Allereie (entity) Andersen (entity) Aristea (entity) Aristea Dudi (person) Avgjerande (entity) BÄde (entity) Dei (entity) Dudi (entity) Finnmark (place) FÄr (entity) Gamechangeren (entity) HPV (entity) HPV-infeksjon (entity) HPV-test (entity) HPV-vaksine (entity) HPV-vaksinen (entity) Har (entity) Hei (entity) Helena (entity) Helena Andersen (person) Karl Edvart Dahl (person) Kor (entity) Kreftforeningen (entity) Larsen Sollund (person) Lillian (entity) Nord-HÄlogaland (place) Nord-Noreg (entity) Nord-Norge (entity) Nord-Norge, Brage Larsen Sollund (organization) Nordland, Troms (organization) Noreg (entity) Ser (entity) Sveinung SÞrbye (person) Sveinung Wergeland SÞrbye (person) SÞrbye (entity) Tilfella (entity) TromsÞ (entity) UNN (entity) UiT Norges (organization) Universitetssykehuset Nord-Norge (organization) Veldig (entity) Wergeland SÞrbye (person) Wow (entity)

📊 Metadata

Category: Helse, Universitetssykehuset Nord-Norge, Kreft