Herold

Har siste dag på politistasjonen i Førde

Kilde: Sogn Avis Author: Idar Stadheim Published: 2026-01-12 09:24:56
Har siste dag på politistasjonen i Førde

No vender Magne Straumstein tilbake til Sogndal.

(FIRDA:) – Det blir fint å kome tilbake til Sogn, når det er sagt har eg hatt ei veldig fin tid i Førde og Sunnfjord, seier Straumstein til Firda.

Straumstein tok over som fungerande tenesteeiningsleiar og politistasjonssjef i Sunnfjord 1. september i fjor, etter at tidlegare politistasjonssjef Wenke Hope gav seg i jobben og gjekk over til Westcon i Florø.

Store omrokeringar

Men det var ikkje berre Straumstein som flytta på seg. Hope si oppseiing utløyste ei stor omrokkering av politileiarar i distriktet:

Store endringar i politileiinga: – Litt uheldig

  • Synnøve Domben gjekk inn som tenesteseiningsleiar i Sunnfjord, men fungerte framleis som politistasjonssjef i Florø.
  • Oda Thorstad gjekk inn inn som politistasjonsjef i Sunnfjord, samstundes som ho heldt fram som etterforskningsleiar i Førde - fram til Straumstein var på plass.

Erstattaren er klar

Magne Straumstein kom frå stillinga som tenesteeiningsleiar for politiet i Sogn og politistasjonssjef i Sogndal. Dette er naturleg nok stillinga han no skal tilbake til.

Ved overtakinga hans i september, var 1. januar sett som sluttdato. No vart altså 12. januar Straumsteins siste kontordag i Førde.

No er det Terje Løland som skal styre skuta vidare. Han er tilsett som tenesteeiningsleiar i Sunnfjord og politistasjonssjef i Førde.

📰 Same Event Coverage (1 articles)

These articles appear to cover the same news event, detected by different methods:

🏷️ Extracted Entities (13)

Førde (entity) Magne Straumstein (person) Sunnfjord (place) Florø (entity) Sogn (entity) Sogndal (place) FIRDA: (entity) Firda (entity) Oda Thorstad (person) Synnøve Domben (person) Terje Løland (person) Wenke Hope (person) Westcon (entity)