Herold

Kinn stenger døra for barnefamiliar

Kilde: Firdaposten Author: Frank Willy Djuvik (Frp), varaordførar i Kinn kommune Published: 2026-01-12 11:45:30
Kinn stenger døra for barnefamiliar

Kinn kommune står midt i ei utvikling som burde uroe alle som er opptekne av framtida vår. Kommuneadministrasjonen åtvarar mot færre barn i åra framover, samstundes som barnehagane er fulle, og mange barn står utan plass. Mangelen på barnehageplassar og finansiering av barnehagane er ikkje lenger eit enkelttilfelle eller eit mellombels problem, det har vorte eit strukturelt hinder for både fastbuande og tilflyttarar.

Vi har hatt mange medieoppslagom familiar som står utan barnehageplass i mange månader, og i verste fall må ta ulønna permisjon i lange periodar. Vi veit og om fleire barnefamiliar som vurderer å flytte til Kinn, men ikkje får høve til det fordi dei ikkje får barnehageplass. Dette er ikkje berre trist for dei det gjeld. Det er direkte skadeleg for kommunen si utvikling.

Folketal og folketalsvekster den største inntektskjelda kommunen har, og politikarane si viktigaste oppgåve. Kvar familie som flyttar til Kinn kommune, betyr auka rammetilskot, skatteinntekter, arbeidskraft, kompetanse og liv i lokalsamfunna våre. Når vi ikkje legg til rette for at barnefamiliar kan busetje seg her, seier vi i praksis nei takk til framtidige inntekter, og ja takk til stagnasjon og nedgang.

Samtidig er det heilt uforståelegat det politiske fleirtalet i Kinn, Høgre, Ap, SV, KrF, Sp og Venstre, har valt å kutte mange millionar i barnehagebudsjettet.

Desse kutta har direkte konsekvensar i mindre fleksibilitet, sprengt kapasitet og dårlegare moglegheit til å ta inn barn løpande gjennom året. Mellom anna har ein fjerna ordninga med rullerande barnehageopptak, som nettopp kunne ha vore ein del av løysinga.

Resultatet er foreldresom ikkje kjem tilbake i jobb, familiar som må gå i uløna permisjon, og potensielle tilflyttarar som vel andre kommunar.

Dette handlar ikkje berreom velferd. Det handlar om næringsutvikling, rekruttering og kommuneøkonomi. Både kommunen og private bedrifter er heilt avhengige av å rekruttere kompetent arbeidskraft. Då må vi og kunne tilby heilt grunnleggande tenester som barnehageplass.

Kinn FrP meinervi må snu denne utviklinga. Vi må satse på barnehagane, både på kvalitet og på tilgjengelighet. Barnehage er ikkje ein kostnadspost vi kan kutte oss ut av økonomiske nedgangstider med. Det er ei investering i framtida.

Skal Kinn vere ein kommune som folk faktisk kan og vil flytte til, må vi slutte å stenge døra for barnefamiliar. Akkurat no er vi på heilt feil kurs.

Risikerer å stå utan barnehageplass i månadsvis

Lite håp for dei for som ventar på barnehageplass

Tausheit er også ei handling – og de vel ho

– Vi har verken folk eller pengar til å gjere alle til lags

Brunsvik vil ha svar om barnehagane i Kinn

🏷️ Extracted Entities (7)

Kinn FrP (organization) Ap (entity) Høgre (entity) KrF (entity) SV (entity) Sp (entity) Venstre (entity)