Traktorbrann, fartssyndar og dramatikk på isen
Helga blei travel for politiet i Nordhordland. Mellom anna stod ein traktor i full fyr, og ein mann gjekk gjennom isen på Tveitavatnet.
Laurdag var travel for politiet i Nordhordland. Natt til laurdag fekk dei melding om ein brann på Sandøya i Gulen kommune, der ein traktor stod i full fyr.
Sidan traktoren stod parkert eit stykke frå nærmaste hus, var det ikkje fare for spreiing til bygga rundt.
– Traktoren blei til slutt heilt utbrent. Brannvesenet var på staden, seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik. Politiet har oppretta sak.
Same ettermiddag gjennomførte politiet ein mobil fartskontroll. På Radøy stoppa dei ein bilist som køyrde i 94 kilometer i timen i 80-sona. Føraren fekk eit forenkla førelegg.
Mann gjekk gjennom isen
Politiet rykte òg ut då ein mann i 60-åra gjekk gjennom isen på Tveitavatnet på søndag.
Mannen skal ha vore aleine på skeiser då han gjekk gjennom. Han fekk ropt etter hjelp og blei hjelpt opp av det kalde vatnet av to personar som var i nærleiken. Då hadde han alt vore i vatnet i 10–15 minutt.
– Han var godt nedkjølt då politi og lege kom til staden, men det ser ut som at han vil klare seg bra, seier Hordvik.
Han oppfordrar alle som ferdast på isen til å vere forsiktig og å forsikre seg om at isen er tjukk nok i området. Hordvik tipsar om at utstyr som ispiggar kan utgjere ein stor forskjell om ein hamnar i ein slik situasjon.
– Brannvesenet går ikkje rundt og måler kor tjukk isen er, så det er opp til kvar enkelt å vere forsiktig. Har ein med ispiggar så kan ein klare å komme seg opp. Ligg ein for lenge ute i vatnet utan å få hjelp så døyr ein.
Mann i 60-åra gjekk gjennom isen