Hundrevis av tømmerstokkar i fjorden
Det arbeidast no med å finne og få opp stokkane.
Mellom 200 og 300 tømmerstokkar ligg no i Osterfjorden etter at dei raste utfor kaien på Eidsnes, søndag kveld.
– Dei som eig tømmeret er no i gang med å lokalisere tømmeret, seier ansvarleg for samfunnstryggleik og beredskap i Alver kommune, Ståle Hauge.
På grunn av vêret er det utfordringar med å få opp tømmerstokkane.
Hauge ber båtførarar vere merksame på stokkar som kan flyte rundt i fjorden. Samstundes presiserer han at oppdrettsanlegga som eventuelt kunne bli treft, er tomme.
– Det er difor ikkje fare for rømming av fisk etter dette.
Mykje av tømmeret har drive inn i viker i nærleiken av tømmerkaien.
Tømmerkaien på Eidsnes opna i 2016 og årleg skipast det over 80.000 kubikk med tømmer frå staden.