BKK har auka beredskapen
Vêromslag frå kulde til mildvêr, nedbør og vind kan skapa utfordringar for straumforsyninga. BKK har auka beredskapen.
Sterk vind kan skapa utfordringar som følgje av at gjenstandar eller tre som skadar straumlinjene. BKK aukar beredskapen og styrkjer bemanninga for å sikra straumforsyninga.
- Vi har alltid folk på jobb og rykkjer ut så raskt som mogleg ved straumbrot. No aukar vi bemanninga både inne og ute for å vera best mogleg førebudde, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonsrådgjevar i BKK.
Følgjer situasjonen
BKK følgjer vêrsituasjonen nøye og vurderer fortløpande behovet for ekstra tiltak for å raskt handsama hendingar som skulle oppstå.
Straumbrot som krev feilretting i felt, kan ta noko lenger tid av omsyn til tryggleiken til personell ute i felt.
- Dei førebelse vêrvarsla varslar ikkje like sterk vind som kva vi opplevde under Amy, men vindretninga er den same. Men konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vera større, særleg med tanke på kuldeperioden vi har vore gjennom. Vi vil difor oppfordra til å gjera ekstra forholdsreglar i tilfelle straumbrot, seier Horjen.
Hald deg oppdatert
Ved straumbrot - sjekk straumkartet på bkk.no I straumkartet på BKK sine heimesider kan publikum halda seg oppdatert om status på straumnettet. Opplever ein at straumen går, kan ein gå inn på BKK sine heimesider og sjå status for sitt område.
Hald avstand til straumlinjer på bakken
- Dersom det oppstår ein situasjon der straumlinjer vert skada og fell ned på bakken, ber vi om at publikum held avstand av omsyn til eigen tryggleik. Leidningen kan vera straumførande, og gje alvorlege skadar dersom du kjem for nær eller i kontakt med den. Dette gjeld òg opne straumskåp og opne nettstasjonar.
For å melda inn farlege forhold knytte til straumnettet, kan BKK kontaktast på telefon: 55 12 71 77
Tips ved langvarige straumbrot
Viss straumen vert borte over lengre tid, er det viktig å kunna halda varmen, ha nok mat og vatn, og sørgja for lys og informasjon.
- Ha ved, parafin eller anna varmekjelde klar. Lagra mat som ikkje treng kjøling. Myndigheitene tilrår òg å ha 20 liter vatn per person. Lommelykter, stearinlys og ein batteridriven radio gjev både lys og nyttig informasjon. Ein fullada naudladar til mobilen er smart. Viss du er avhengig av straum, kan eit straumaggregat vera naudsynt, melder BKK.
Det er sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast som skal vara frem til klokka 16 måndag ettermiddag.