Herold

Ikkje rør lærarnorma!

Kilde: Haugesund avis Author: Elin F Kjetland, Lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Haugesund Published: 2026-01-12 06:26:36
Ikkje rør lærarnorma!

Så kom den meldinga vi frykta frå kommunekommisjonen. I haust har vi høyrt om kommunar som har ønska å få bort lærarnorma. Det kjem i kjølvatnet av at kommuneøkonomien er dårleg jamt over heile landet, og kommunar ønsker meir handlerom i korleis dei bruker middela i den slunkne kommunekassa.

Utdanningsforbundet vil på det sterkaste oppfordre til å ikkje røre denne norma. Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, held fram at KS ikkje er ute etter å ta bort lærarårsverk, men at dei vil det skal vere lettare for kommunane å bestemme sjølv kvar dei skal plassere ressursane. Faktum er at lærarnorma sikrar eit minimum av lærarar i dag, og etter innføringa i 2018 har skulen fått 2500 fleire lærarårsverk. Det betyr ikkje at vi har nok lærarar, for det er framleis skular som ikkje klarer å oppfylle norma, men det er eit anna lesarinnlegg. Vi fryktar at fjerning av lærarnorma vil gjere det lettare for kommunar med dårleg økonomi å oversjå dei faktiske behova på skulane – ikkje av vond vilje, men fordi dei har andre tenesteområde som også treng ressursane.

Vi har sett det mange gonger. Når ressursar kjem til kommunane utan å vere øyremerka, hamnar dei ofte i det store sluket, som til dømes ekstramiddela på 1,1 milliardar som skulle gå til bemanningsauke i SFO og barnehage i 2025 (https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/kunnskapsminister-refser-kommuner_-barnehagepenger-brukt-feil-1.17518738). Kjem kommunane til å oppretthalde talet på lærarar viss norma blir borte?

Vi fryktar også at fjerning av norma vil føre til større klassar og dermed gjere det vanskelegare for lærarane å bygge relasjonar, sjå den enkelte elev og fange opp utfordringar elevane kan ha. Den tilpassa opplæringa vil få dårlegare kår, og vi får høgst sannsynleg auka uro i klassane. Vi må dessutan hugse på at det ikkje berre er elevar som strever som blir skadelidande når talet på lærarar går ned. Også dei elevane som treng fleire utfordringar for å utvikle seg kan bli sittande utan å bli sett.

Det verkar som omgrepet tidleg innsats er blitt avleggs, for dette tiltaket vil svekke skulen si evne til å sette inn ressursane på eit tidleg tidspunkt, og vi vil sjå meir utanforskap som vil koste samfunnet dyrt på lang sikt. Lærarnorma er med på å sikre fellesskulen, og det kan ikkje bli slik at det pedagogiske tilbodet til barna dine er avhengig av kor du bur. Slik var det i større grad før innføringa av norma i 2018, og dette var eit tiltak som skulle jamne ut forskjellane. Kunnskapsnasjonen er ikkje tent med at vi tar bort tiltak som er med på å sikre kvalitet i skulen.

Vi ser at det er vanskelegare å rekruttere til læraryrket, og søkarlistene til ledige stillingar blir kortare for kvart år, i takt med at studieplassar på lærarstudiet blir ståande tomme. Skuleleiarane har allereie ei nærast umogleg oppgåve i å skaffe vikarar, og vi veit at mange må la leiaroppgåvene ligge for å ta vikartimar sjølv. Som om dei ikkje har nok oppgåver frå før. Det heile blir ein vond sirkel som får konsekvensar vi ikkje vil ha.

Måtte vi ikkje sjå den dagen kommunekommisjonen kastar blikket på bemanningsnorma i barnehage!

Vern lærarnorma!

🏷️ Extracted Entities (4)

KS (entity) Gunn Marit Helgesen (person) Kjem (entity) SFO (entity)