Trenden har snudd: Bremanger er i ferd med å frigjere seg frå dyr vikarbruk
På det verste måtte Bremanger bruke over 25 millionar kroner årleg på å kjøpe inn tenester frå eksterne vikarbyrå. Ved inngangen til 2026 ser ting betydeleg betre ut.
Verst var kalendaråret 2023. Då måtte Bremanger kommune bruke 25.092.537 kroner på innleigd vikarhjelp frå byrå, i all hovudsak for å levere omsorgs- og helsetenester til innbyggjarane sine. Då hadde pilene peika feil veg i fleire år. Tilbake i 2019 brukte kommunen 6,5 millionar. Derfrå auka kostnaden år for år, fram mot toppåret i 2023.
I 2024 viste rekneskapen teikn til betring. Då klarte kommunen, ifølgje tal frå Samarbeidsdesken, å kutte totalbeløpet med 19 prosent, ned til i overkant av 20,3 millionar.
Då Firdaposten snakka med kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus i juni 2025, låg kommunen an til å halde fram den positive trenden.
Gode 2025-tal
Fram til juni månad hadde dei nemleg klart å redusere kostnaden til vikarar med 1,2 millionar kroner, samanlikna med same tidsrom i 2024.
No viser det seg at 2025 kan kvitterast ut som nok eit år med redusert behov for vikarhjelp – og med påfølgjande innsparingar i sektoren:
– Med forbehold om at det kan kome nokre fakturaer på tampen av driftsåret 2025, så har nedgangen halde fram. Vi kjem til å ende rundt 17,9 millionar, stadfestar Ytrehus.
Og det er svært godt for kommuneøkonomien. I 2024, då det blei brukt 20,3 millionar, budde det 3392 innbyggjarar i Bremanger. Det betyr at kommunen det året kjøpte vikartenester i omsorgssektoren for 6005 kroner per innbyggjar, alle medrekna.
Har lykkast på fleire felt
Dermed var kommunen på ein 13.-plass av landets 357 kommunar i pengebruk på vikarar per innbyggjar – ein statistikk det ikkje er særleg hyggeleg å nærme seg topp 10 på.
– Kva er det de har lykkast med dei siste åra, som gjer at ting går rett veg?
– Vi har klart å rekruttere helse- og omsorgspersonell til ledige stillingar sjølve. Det skuldast fleire faktorar. Den kommunale rekrutteringspakka med «gulrøter» bidreg, og vi har ei større interesse for å flytte heim blant dei unge no, enn tidlegare. Og dei som flytter heim, har også ein tendens til å dra med seg fleire, seier Ytrehus.
Kaprar vikarar inn i eigne rekkjer
Og når det gjeld å tilsetje i faste, kommunale stillingar, har Bremanger lukkast på eit kanskje litt uventa område:
– Fleire av fagarbeidarane som har kome til oss frå vikarbyrå, har likt seg så godt at dei har søkt fast stilling i kommunen i staden for. Det vitnar om eit godt arbeidsmiljø, og at kommunen vår er ein god stad å bu, slår Ytrehus fast.
– Kor mykje sparar kommunen på å ha eigne tilsette, kontra å leige inn ein vikar frå eit byrå?
– Kostnaden blir omtrent halvert; kanskje litt i underkant av det. Så det er viktig for oss, utan tvil.
– Kor langt ned er det mogleg og realistisk å kome, når det gjeld kjøp av eksterne vikartenester?
– Teoretisk kan vi jo ha ein nullvisjon. Men i praksis vil det trengast vikarar innimellom. For det er ikkje berre mangel på søkjarar til kommunale stillingar som utløyser behovet for ein vikar. Det skjer også til dømes når eigne tilsette blir sjuke eller går ut i ein barselpermisjon, seier Ytrehus.
Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.