Stor interesse for fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Plus
Over 200 deltakarar møtte opp då fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) arrangerte leverandørdag i Bergen i slutten av sist månad.
Første salven neste haust
Ambisiøse klimamål
Noregs største tunnelprosjekt
- Det er svært gledeleg å sjå så stort engasjement frå både norske og internasjonale aktørar. Dei har, som oss, venta lenge på at kontraktane skal komma ut, og no kjem dei som perler på ei snor, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad, i eit oppslag på nettsida til prosjektet.
FAS opplever sterk interesse for prosjektet, og med eit så omfattande prosjekt er det noko for alle fagdisiplinar. Kontraktane varierer i storleik, og er ei blanding av utføringsentreprisar og totalentreprisar.
Den første førebuande tunnelentreprisen, med byggjestart hausten 2026, er ute i marknaden no. I denne kontrakten skal det etablerast tre anleggstunnelar som skal brukast til å føra tunnelstein ned til sjødeponi i Sørfjorden.
- Den første hovudentreprisen skal etter planen ut i marknaden i 2028. Det er veg- og jernbanetunnelar mellom Trengereid og Vaksdal som er først ut av hovudentreprisane. Oppstart av denne vert etter planen i 2029, heiter det.
Det er eit mål å redusera klimagassutsleppa med 55 prosent i prosjektet, samanlikna med reguleringsplanen. Det vert stilt krav til berekraftige metodar, gjennomføring og materialval i alle fasar.
– Dialog med bransjen er heilt avgjerande for at me skal nå klimamålet i Arna-Stanghelle-prosjektet. Når me samlar kompetanse på tvers og deler ambisjonar og mål, og lyttar til dei som er interesserte i å byggja dette for oss, får me verdifulle innspel som me tek med oss vidare. Det er viktig for oss at bransjen er kjend med kontraktane våre og kva me ønskjer å oppnå, seier fungerande assisterande prosjektsjef, Torbjørn Søderholm.
Samla har FAS sju førebuande entreprisar, to rådgjevingskontraktar og sju hovudentreprisar. Fleire av dei er ute i marknaden no, og fleire er på veg. Med ei byggjetid på 12-14 år har prosjektet stort potensial for å utvikla og testa nye løysingar og produkt i tett samarbeid med leverandørar og entreprenørar. Prosjektet skal mellom anna innføra insentivordning for kontursprenging, og testa ut metodikk for å redusera behovet for vass- og frostsikring, heiter det i oppslaget.
- Me har lang byggjetid, og det gjev oss eit unikt høve til å tenkja nytt og utvikla framtidas løysingar saman med bransjen, seier Erstad. Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2039.
Frå neste haust vil arbeidet med ny veg og bane verkeleg merkast
Eg er oppriktig bekymra for alt som kjem saman med FAS
Eit gedigent prosjekt, som vil krevja svært mykje av oss
Første tunnelkontrakten for K5 er ute