Herold

Brann i leilegheit i Sogndal

Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-01-11 17:40:59
Brann i leilegheit i Sogndal

Søndag kveld vart det meldt om røykutvikling frå ein leilegheit i Hodlekve i Sogndalsdalen.

– Ein nabo skal ha teke seg inn og sløkt eit mindre branntilløp. Det er mykje røyk i leilegheita, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad ved Vest politidistrikt.

Brannvesenet fekk melding om hendinga klokka 18.27.

Klokka 19.00 fortel vaktoperatør Stian Kvam ved 110 Vest-sentralen at brannvesenet har kontroll og at brannen er sløkt.

– Den vart sløkt av naboar. Røykdykkarar har også vore inne og gått gjennom bygget.

Det var ikkje folk i den aktuelle leiligheiten då det byrja å brenna.

– Men det var ein hund der, som vart berga ut, fortel Kvam.

Brannvesenet driv no med utlufting.

Politiet har vore i kontakt med eigaren av leiligheiten.

Det er førebels ukjend kvar brannen har starta. Politiet er i gang med undersøkingar på staden.

Klokka 20.14 melder politiet at dei er ferdige på staden og at det blir oppretta sak.

– Brannen har truleg starta i ein plastboks på ei steikeplate, opplyser operasjonsleiar Brakstad.

🏷️ Extracted Entities (6)

Sogndal (place) Stian Kvam (person) Tore-Andre Brakstad (organization) Vest (entity) Hodlekve (entity) Sogndalsdalen (entity)