Herold

Brann i Sogndal er sløkt: Nabo kom til redninga – hund redda ut

Kilde: Firda Author: Erik Hovland Published: 2026-01-11 17:43:00
Brann i Sogndal er sløkt: Nabo kom til redninga – hund redda ut

Truleg brannårsak: Plastboks på stekeplate.

Søndag litt over klokka 18:30 melde politiet at det brann frå ein leilegheit i Sogndal.

Klokka 19.15 melde politiet at brannen er sløkt av folk på adressa. Brannvesenet startar med å berge det materielle som kan bergast. Brannvesenet kjem også til å lufte ut.

Det er ikkje meld om personskade.

Ein nabo tok seg inn i leilegheita og skal ha sløkt eit mindre branntilløp. Det skal ha vore mykje røyk i leilegheita.

Rett før klokka 19.00 melde politiet at dei har fått kontakt med bebuaren, som ikkje var heime. Ein hund har blitt tatt ut av leilegheita.

Like over kl. 20 er politiet ferdig på staden og opprettar sak. Truleg var brannårsaka ein plastboks på stekeplate, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad.

🏷️ Extracted Entities (2)

Sogndal (place) Vest (entity)