Herold

Colosseum Tannlege satsar i Florø

Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-01-11 18:41:00
Colosseum Tannlege satsar i Florø

Frå 1. september i fjor var tannlegane Mølster og Rønnekleiv på Amfi-senteret innlemma i Colosseum Tannlege-paraplyen, og frå årskiftet kom også Florø Tannlegesenter i Markegata med.

På tannlegesenteret i Markegata er det tre tannlegar og tre sekretærar, medan det på Amfi er fem tannlegar, tre sekretærar pluss ein tannpleiar som startar i februar. Colosseum Tannlege er ein del av Colosseum Dental Group, og finst over store deler av landet. Kjeden omfattar no 75 klinikkar og meir enn 1200 tilsette.

Tek over administreringa

Olav Mølster, som har vore tannlege i Florø dei siste 30 åra, slår fast at krava til å drive tannklinikk i dag ikkje berre dreiar seg om å behandle tenner.

– Det administrative og forholdet til myndigheitene har ikkje blitt mindre omfattande etter at Altinn kom. Alt skulle bli enklare då, men det har tvert mot blitt mykje meir rapportering og ting å passe på. I ein hektisk kvardag er det greitt om nokon tek over desse praktiske tinga, slik at behandlaren kan konsentrere seg om pasienten. Det er dette Colosseum Tannlege kan tilby, fortel han om bakgrunnen for endringa.

Han forsikrar at pasientane vil komme til sin faste tannlege også framover.

– Og så får dei moglegheiter til å booke timar på nettet, legg kollega Bent Rønnekleiv til.

Tenker lokal rekruttering

Det har mange stader i distrikta vist seg vanskeleg å rekruttere tannlegar, men det har ikkje vore noko problem i Florø så langt.

– Vi såg moglegheiter for at dotter vår, Anna Catharina, kom tilbake, og når ho har studievener som også er i nærleiken er det naturleg å spele på dei yngre kreftene. Ben Jeffrey var sekretær hos oss gjennom tre somrar, og viste stor interesse for faget også då. Då syntest vi det var naturleg at han fekk tilbod om å komme hit om han flytta heim, og no er han her.

– I praksis er det vel slik at vi brukar tid og energi på dei som har lokal tilhøyrsle, bemerkar Rønnekleiv.

Det er ein tankegang også Kinn kommune med stort hell har brukt for å rekruttere både legar og anna helsepersonell til kommunen etter endt utdanning.

– Ja, eg trur det er litt av nøkkelen. Vi er nett no i den heldige situasjon at vi har fleire tannlegar enn vi har behandlingsrom. Det er nok meir unntaket enn regelen, slår Mølster fast.

På spørsmål om det betyr ei utviding av lokala, svarar Mølster at dette forhåpentleg er noko Colosseum Tannlege jobbar med sentralt.

– Dei er sette i kontakt med dei rette innad i Thon-systemet, både lokalt og sentralt.

Koordinator og sekretær

På sikt kan ein også sjå føre seg ei samlokalisering av klinikkane i Markegata og på Amfi.

– Det blir alltid spørsmål kring kjedeoppkjøp. Men eg synest det er bra at det er nokon som vil satse i Florø for å gi innbyggjarane eit godt tilbod, seier Rønnekleiv.

– I tillegg ligg Colosseum Tannlege heilt framst når det gjeld utstyr og teknologi, supplerer Mølster.

Monika Melheim Fekjan skal vere klinikkoordinator på Amfi-senteret.

– Eg skal passe på flokken, smiler ho.

Som mellom anna betyr å følgje med på det økonomiske og sjå til at drifta går sin gong, ut over oppgåvene som tannhelsesekretær.

– No skal eg ha opplæring i Markegata ein månads tid framover, før eg blir fast på Amfi.

Utover endring av logoen vil pasientane merke liten skilnad. Men på sikt vil dei komme inn til det nyaste nye av utstyr når dei blir henta inn frå venterommet.

– Framover tenker eg det vil bli lettare å rekruttere behandlarar, fordi ein har eit godt og sterkt fagleg miljø. Det er flinke og rutinerte tannlegar både her og i Markegata som står klare til å hjelpe folk, slår Rønnekleiv fast.

🏷️ Extracted Entities (13)

Colosseum Tannlege (organization) Florø Tannlegesenter (person) Amfi (entity) Bent Rønnekleiv (person) Markegata (entity) Olav Mølster (person) Altinn (entity) Anna Catharina (person) Ben Jeffrey (person) Colosseum Dental Group (organization) Kinn (entity) Monika Melheim Fekjan (person) Thon-systemet (entity)