Dobbel-Færø i kald karusell
Søskena Jo-Harald og Bertine-Helene Færø var raskaste mann og kvinne i nyttårskarusellen på Eikanger laurdag 10. januar. Det vart ein kald karusell i fint vintervêr.
Ungguten Trym Eknes gav Jo-Harald Færø kamp lenge i løpet. Først på dei siste 100 meterane inn til mål drog Jo-Harald ifrå og sikra seg sigeren.
For 30. gong var han raskaste mann rundt Eikangervågen.
Trym leverte eit av dei beste løpa sine nokon gong.
Trass til dels glatte forhold var han berre 15 sekund etter bestetida si.
Bertine-Helene Færø gjorde eit sterkt løp på 8.03 og var for 46. gong raskaste kvinne.
Sterkast konkurranse hadde ho av Grethe Jørgensen, veteranen som sprang på gode 8.29.
For Inge Leknes var nyttårsløpet 150. gong han stilte til start i vinterkarusellen. Håkon Rongved passerte same milepåle i det andre løpet i fjor haust.
46 deltakarar stilte til start i nyttårsløpet. Dei fleste av dei i klassen utan tidtaking.
Dei vinterlege forholda var fine, sjølv om det var enkelte glatte parti i løypa der deltakarane måtte passa seg.
Men, alle kom i mål utan uhell.
Vinterkarusell 2025-26, 4. løp.
Vinterkarusell 2025-26, 4. løp: Utan tid
I alt 46 deltakarar.