Herold

Minneord: Jon Ivar Finnekåsa, ei viktig fyrlykt i samfunnet vårt!

Kilde: Telen Author: Torstein Nisi Published: 2026-01-11 15:00:00
Minneord: Jon Ivar Finnekåsa, ei viktig fyrlykt i samfunnet vårt!

Fantastiske, Jon Ivar!

På mange vis beskjeden og stillfarande. Men innsats, ansvar og persoleg utstråling har lyst og blinka for så mange og på så mange område.

Sunn livsstil, sunne haldningar; eit godskleg og vennleg vesen, høgt akta og elska av mange.

Hadde ikkje uhell støytt han, kunne denne kjempa vel blitt minst hundre år.

Han rydda vegar og stigar, og fekk folk ut på toppar og stader der mange ellers ikkje ville fått fine opplevingar. Ypperleg turleiar til turar med kultur og miljøopplevingar. Og han oppretta fleire kjentmannsmerke-turar.

Byggmeister og yrkeskulelærar med oppsett av mange bygg og opplæring av nye tømrerar og maskinkyndige. I dette tok han ansvar i å redde mange bygg og maskinar, blant anna Norges eldste bygning, røykstova på Bolkesjø, den gamle slepebåtene på Tinnsjøen, lokomobilen som vart bruka i Kvartsbrot sud for Busnes, no montera som minne og klenodium nord i Rudsgrend av Jon Ivar og hans yrkesskuleelevar.

Blant anna Tinnosbanen / Rjukanbanen og verdsarv-fyra ved Tinnsjøen hadde nytte av han heilt til det siste.

BREITT SAMFUNNSENGASJEMENT; med sokneråd, lokalpolitisk ansvar, idrettslag, turlag. For Telemarks eldste tur- og konkurranserenn, Gaustarennet, var han sentral arrangør og deltakar i sirka ein mannsalder. FØRTI gonger, minst, gjekk han dette fire mils rennet og distansen. Han leia ange turar andre stader i inn- og utland for familie og andre turglade. For meg betydde han blant anna inspirasjon til å oppleve den fagre øya Madeira, med bl.a. sine levadaer, vasskanalsystem ein kan vandre langs, frå fjell til kyst.

Han hadde støtte i ei god og samarbeidande kone, og bygde gode familie- og venerelasjonar. Dotter og son har han vori byggmeister og hjelpar for, så dei og bur nære, i sine hus på Finnekåsa-området.

Han har hjelpt meg og utallige andre med råd og dåd.

Vi har egentleg ikkje råd til å miste slike personar i eit samfunn.

Men klokka tikka og tid og helse gjekk mot slutten for han no.

Han var son av foreldre som også hadde flotte kvalitetar.

Mor hans var min fyrste lærar og var eit usedvanleg menneske.

Ho var som ei mor for alle sine elevar. Det skulle vori reist ei statue av henne, har eg sagt til Jon Ivar; slik betydning ho fekk for meg og sine andre elevar.

Og så var eg heldig: Eg var i same kullet som Jon Ivar, og han og Harald Tjønnås vart mine beste vener. Og det har vori venskap heile tida etter.

Jubileumsfeiringar: Med Jon Ivar sitt JA, så vart det 60 års feiringar av folkeskule og Framhaldsskule for gjenlevande, for sju og åtte år sidan. Bjørg Anni og Jon Ivar var vertskap ved den fine heimen sin. Og den var han byggmester for sjølv i si tid, så klart. Han gjorde Finnekåsa til ein endå finare stad, saman med si dyktige og trivelege kone.

Så har dei flotte barn, etterkomarar som kan bera arven vidare!

Eg helsar og minnest Jon Ivar med stor TAKK! Fred og signing over den flotte SAMFUNNS-FYRLYKTA han var.

Tinnoset, 06.01. 2026.

Helsing Torstein Nisi

🏷️ Extracted Entities (20)

Jon Ivar Finnekåsa (person) Tinnsjøen (entity) Bjørg Anni (person) Bolkesjø (entity) Busnes (place) Framhaldsskule (entity) Gaustarennet (entity) Harald Tjønnås (person) Helsing Torstein Nisi (person) Ivar (entity) JA (entity) Kvartsbrot (entity) Madeira (entity) Norge (entity) Rjukanbanen (entity) Rudsgrend (entity) SAMFUNNS-FYRLYKTA (entity) TAKK (entity) Telemarks (entity) Tinnosbanen (entity)