BKK førebur seg på uvêr – skjerpar beredskapen
Nettselskapet kallar inn fleire folk på vakt når vindstyrken aukar søndag og natt til måndag.
– Dei førebelse vêrvarsla antydar ikkje like sterk vind som kva vi opplevde under Amy, men vindretninga er den same, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonsrådgivar i BKK, i ei pressemelding.
– Men konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vere større, særleg med tanke på kuldeperioden vi har vore gjennom. Vi vil derfor oppmode til å gjere ekstra forholdsreglar i tilfelle straumbrot.
Som Firda skreiv laurdag, er det venta storm i kasta langs kysten av store delar av Vestlandet, og kast på opp mot 30 m/s.
Vinden skapar trøbbel typisk ved at tre og andre gjenstandar skadar straumlinjene.
BKK aukar derfor bemanninga frå søndag av for å sikre straumforsyninga, melder dei.
Nettselskapet ber folk om å halde avstand om det oppstår ein situasjon der straumlinjer fell ned. Leidninga kan vere straumførande.
BKK ber elles folk ha ved, parafin eller andre varmekjelder klare om straumen forsvinn over større periodar.
Som ein del av vanleg beredskap oppmodar og myndigheitene om å ha mat som ikkje treng kjøling, dunkar med vatn, lommelykter, naudladarar og stearinlys tilgjengeleg.