Mann i varetekt i Bergen – mistenkt for innbrot i Førde
Den andre som blir tatt i tjuverisaka i Førde.
Ein mann sit no i varetekt i Bergen, mistenkt for innbrot i eit musikkstudio i Førde.
Det opplyser vakthavande politiadvokat i Bergen, Trine Benedikte Oppdal, til Firda.
NRK var først ute med denne meldinga.
Tidlegare torsdag blei ein annan person pågripen i Førde i samband med innbrot på Skudeløken og innbrotet i musikkstudioet. No er altså endå ein mann pågripen, denne gongen i Bergen, i same sak.
Mannen sit no i avhøyr i Bergen. Ifølge politiadvokaten blir han også avhøyrd i samband med andre forhold, mellom anna vinning, narkotika og berande av kniv på offentleg stad.
I morgon vil det bli teke stilling til om mannen skal framstillast for varetektsfengsling, eller om han blir lauslaten.
Har arrestert ein person etter dobbeltinnbrotet
To innbrot i Førde dei siste dagane